Sjekkliste for kulturkontakten
Kulturkontakten er eit viktig bindeledd mellom skulane, DKS og utøvarane.
Kulturkontaktane vert oppfordra til:
- å halde DKS Vestland oppdatert på timeplanar, elevtal, elevfrie dagar og kontaktinformasjon til kulturkontakt og skulen. Dette gjerast i KSYS.
- å vere godt orientert om tilbod som kjem frå DKS Vestland. Prioritere å delta på DKS sine konferansar og møtestadar.
- å sjekke nettsida www.skulesekken.no jamleg.
- å sjekke e-post dagleg.
- å sjekke fakta-ark, lærarrettleiingar og tekniske spesifikasjonar på www.skulesekken.no
- å gjere informasjon om framsyningane lett tilgjengeleg t.d. på oppslagstavler/ lærarrom
- å vidareformidle og sikre informasjon til kontaktlærarar om dei ulike tilboda
- å følgje opp elevar eller andre som får delegert ansvar ved besøk på skulen
- å syte for at lærarane gjev alle elevar informasjon om tilboda slik at dei er godt førebudde.
Kulturkontaktane bestiller transport dersom skulen skal reise til ein annan skule eller lokale for å sjå framsyning eller konsert. Vestland fylkekommune (VLFK) refunderer kostnader til transport når skulane må reise for å delta på framsyningar i fylkekommunen sin regi.
- Ruteselskapet fakturerer direkte til VLFK og må merkje fakturaen med namnet til skulen og kva DKS- tilbod refusjonskravet gjeld + dato. (Sjå eigen info om transport)
Kontakt med utøvarane på arrangementsdagen
Kulturkontaktane er skulane sine kontaktpersonar for utøvarane.
Utøvarane tek kontakt på førehand for å avklare praktiske forhold knytt til framsyninga.
• Vere hyggeleg vertskap, ta imot utøvarane og syte for bærehjelp etter behov.
• Vise utøvarane spelestaden, garderobe og lærarrom
• Ynskje utøvarane velkomne og eventuelt introdusere framsyninga
• Takke utøvarane
Sjekkliste for konsert, danse- og teaterframsyningar
• Er lokalet/rommet ledig?
• Trengs det bærehjelp?
• Kor lang riggetid har utøvarane, og kor tid kjem dei til skulen?
• Skal det være blending?
• Er temperaturen i lokalet ok?
• Er det nok straum tilgjengeleg?
• Korleis skal elevane plasserast?
Etter framsyninga
• Bidra til at skulen/einskildlærarar sender inn evaluering i KSYS etter besøk/framsyning.
Til slutt
Avklar med utøvarane læraren si rolle under framsyninga; er dei publikum på linje med elevane? Kven grip inn i dersom det utviklar seg uheldige situasjonar ved td. bråk?
Vis interesse; sjå framsyninga i lag med elevane og kollegaer!