Kongshaug Musikkgymnas

Kongshaug Musikkgymnas

Postadresse: , 5216 Lepsøy

Besøksadresse: Lepsøyneset 10, 5216 Lepsøy

Telefon: 56 30 37 80

E-post:post@kongshaug.no (KMG skulepost Kongshaug Musikkgymnas)

Kontaktperson: Olav Hundvin, 454 30 510 (jobbmobil), 56 30 37 80 (skulen sitt nr.), ohundvin@kongshaug.no

Tal på produksjonar: 2

  • Alle

Du må ikkje skrive H20

Litteratur, Trinn: VG1-VG3
Ei innføring i kreative skriveteknikkar av forfattar Lars Svisdal.Dette er eit todelt skrivekurs:
  • Del ein tek for seg å skrive parodi og travesti (komisk forvrenging) over eksisterande tekst. Ein annan metode er blackout-metoden, der ein tusjar vekk tekst og let enkelte element stå att, som igjen utgjer ei ny meining i teksten. 
  • Del to tek for seg korleis ein systematisk kan gå fram for å skrive ei historie. Elevane får steg-for-steg-oppgåver, der dei tek utgangspunkt i konkrete personalia, for så å bygge på lag med å introdusere omstende, stadar, relasjonar og konflikt. Bilete og musikk vert element som elevane kan ta utgangspunkt i.
Forfattaren nyttar tekster i fleire sjangrar, alt frå skjønnlitterære klassikarar til wikipediaartiklar. Med leik som dimensjon ønskjer han å framelske skriveglede!Turnéperiode: Veke 44, 45 og 47 2020.

Marthe Wang trio - V21

Musikk, Trinn: VG1-VG3
Musikken til Marthe Wang har blitt kalla «ei perfekt blanding av popperler med jazzvendingar».  Ho har ei klokkeklar stemme og saman med musikarane sine framfører ho låtane levande og nært. Dei har funne fram til eit stort uttrykk i eit lite format, og kan fylle både store og små scener. 17.april 2020 ga ho ut sitt andre album “Bakkekontakt” - og VG skreiv “Sjelden har noe så alminnelig som å holde beina på jorden vært så ekstraordinært"Marthe Wang er fødd og oppvaksen i Bergen. I 2017 debuterte ho med albumet "Ut å se noe annet" som fekk strålande kritikkar og som blei nominert til Spellemannsprisen. Året etter vart ho tildelt Tekstforfatterfondets lyspunktpris, TONOs Edvardpris og låten "Til deg" var Kirkens Bymisjons TV-aksjonslåt. I 2019 spelte ho for unge menneske under opphald på rusinstitusjonar i regi av Kulturdråpen. Låten "No sier eg adjø" var på A-lista til NRK P1 i store deler av vårsemesteret 2020.Gjennom stemme, tekstar og sceneopptreden framstår Marthe Wang som ein sterk formidlar. Tekstane handlar mellom anna om korleis vi menneske ser på kvarandre, korleis vi er overfor kvarandre, og med håp om ei betre verd. Dei er framtidsretta og har engasjement for ungdommens stemme i klima- og miljøsaka. 
Uttrykksform
Åpne filter