Bergen Katedralskole, avdeling Kyrre

Bergen Katedralskole, avdeling Kyrre

Postadresse: Postboks 4030, Sandviken, 5835 Bergen

Besøksadresse: Øvregaten 29, 5003 Bergen

Telefon: 55 33 82 00 (Skulenummeret), 941 74 108 (Skulen mobil)

E-post:post.kyrre@vlfk.no (KYS skulepost Kyrre)

Kontaktperson: Helge Øvrebotten Andersen , 414 07 759 (Jobbmobil OLV), 55 33 82 61 (Direkte), helge.ovrebotten.andersen@vlfk.no (Hovudkontakt Kyrre)

Tal på produksjonar: 3

  • Alle

Alle tiders Bergen - 950 år kort fortalt - H20

Scenekunst, Trinn: VG1-VG3
Ei humoristisk og underhaldande historietime!Tre skodespelarar og fire musikarar går gjennom 950 år, og lar oss møte ein drøss med kjende og ukjende personar, mellom anna Olav Kyrre, Ludvig Holberg, Kong Sverre, Dyveke, hanseatar, hekser, prestar, bauekorpsgutar, strilar, rikfolk og andre som har vore innbyggjarar i byen vår.Ei framsyning for deg som veit litt, mykje eller sånn passe om Bergen si historie. Her kjem svara på spørsmål ikkje alle har stilt. Kven var eigentleg Baglarane? kor mykje kan vi takke strilane for? - og kva skulle no Johan Nordahl Brun på toppen av Ulriken med ein sitar?Manusforfattarane Knut Nærum og Morten Lorentzen har felles fartstid frå humorprogrammet «Hallo i uken» på NRK. Saman med regissør Eirik del Barco Soleglad har dei endevendt Bergen by si historie og skvisa ut dei beste dropane.​​​​​​​Speleperiode: ​​​​​​​Veke 47; 16. - 19. november.

Du må ikkje skrive H20

Litteratur, Trinn: VG1-VG3
Ei innføring i kreative skriveteknikkar av forfattar Lars Svisdal.Dette er eit todelt skrivekurs:
  • Del ein tek for seg å skrive parodi og travesti (komisk forvrenging) over eksisterande tekst. Ein annan metode er blackout-metoden, der ein tusjar vekk tekst og let enkelte element stå att, som igjen utgjer ei ny meining i teksten. 
  • Del to tek for seg korleis ein systematisk kan gå fram for å skrive ei historie. Elevane får steg-for-steg-oppgåver, der dei tek utgangspunkt i konkrete personalia, for så å bygge på lag med å introdusere omstende, stadar, relasjonar og konflikt. Bilete og musikk vert element som elevane kan ta utgangspunkt i.
Forfattaren nyttar tekster i fleire sjangrar, alt frå skjønnlitterære klassikarar til wikipediaartiklar. Med leik som dimensjon ønskjer han å framelske skriveglede!Turnéperiode: Veke 44, 45 og 47 2020.

Miss Tati - V21

Musikk, Trinn: VG1-VG3
Miss Tati blandar dans med hiphop, RnB, soul, house og pop. På ulike måtar inkluderer ho elevane i konserten for at dei skal få eit positivt forhold til det å utrykke seg gjennom musikk og dans. Ho er kjent for å lage energiske konsertar med eit allsidig uttrykk.
Miss Tati debuterte i 2017 med albumet «Finally, Tati», og dei siste åra har ho og bandet spelt over 150 konsertar på store scener og festivalar som Øyafestivalen, Slottsfjelll og by:Larm. Den norsk/portugisisk/angolanske artisten har lenge imponert med eit særpreg og ei formidlingsevne få artistar i Noreg kan måle seg med.
Uttrykksform
Åpne filter