Vassenden skule

Vassenden skule

Postadresse: , 6847 Vassenden

Besøksadresse: Gjesdal, 6847 Vassenden

Telefon: 57 72 65 50

Kontaktperson: Kine Hamre Rambøl, 90186297, kine.hamre.rambol@jolster.kommune.no, Kjersti Regine Støfring, 48009944, kjersti.regine.stofring@jolster.kommune.no

Tal på produksjonar: 4

  • Alle

Forfattarbesøk med Terje Torkildsen

Litteratur, Trinn: 8-10
Dette er eit forfattarbesøk der Terje Torkildsen les frå bøkene sine og snakkar med elevane om litteratur og lesing. Torkildsen har jobba som standup-komikar i 20 år og brukar mykje humor i formidlinga si. Forfattarbesøka hans blir gjerne kalla for standup-bokbad. Han skreddarsyr alltid opplegget etter ønskje frå lærarane og spørsmål frå elevane.Torkildsen debuterte i 2008 med ungdomsromanen Marki Marco, og har sidan gitt ut ungdomsbøkene Dystopia 1-4, Arrfjes, Stavanger Stories 1-2 og i år kom Isla Bontia.

Les for livet!

Litteratur, Trinn: 5-7
I Les for livet! får elevane i 5. til 7. klasse vere med to framtidsmenneske på ei intens reise gjennom verdsrommet. Berre litteraturen kan få dei to tilbake til seg sjølve, tilbake til jorda. Heim.
To framtidsmenneske er fanga i romsonden Littera, og berre litteraturen kan redde dei! For mange tusen år sidan måtte menneska flykte frå jorda på grunn av klimaendringar. No er det mogleg å bu på jorda igjen, men før dei får lov til å vende tilbake, må dei løyse eit livsviktig oppdrag. Då menneska mista heimen sin på jorda, mista dei òg kontakt med kjenslene sine. Dei kjenner ikkje sorg meir, har gløymt korleis det er å vere forelska, dei veit ikkje ein gong kva venskap er. Dette må dei lære seg på nytt. Kjenslene er å finne i litteraturen. Men, dei har dårleg tid!
I romsonden er det ein tidskapsel frå 2018. I den ligg det seks utvalde barne- og ungdomsbøker. Ei intens forteljarstemme instruerer dei to i oppdraget: Dei skal dramatisere scener frå bøkene, kome fram til kva for kjensler dei ulike tekstutdraga illustrerer og føre dei rette kjenslene inn i eit skjema på jakt etter eit endeleg løysingsord. Finn du orda. Finn du kjenslene. Finn du Jorda!, er eit mantra som går igjen i Les for livet! Dersom dei ikkje klarer å kome fram til dei rette kjenslene og løysingsordet innan tretti minutt, vil romsonden bli sprengt i filler. Dei to i romsonden les for livet.
Les for livet! er ei intenst spennande framsyning som formidlar framifrå nynorsk barne- og ungdomslitteratur. På reisa tilbake til opphavet dukkar vi inn i scener frå mellom anna Eg er eg er eg er av Ruth Lillegraven, thrilleren Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland og Grunna av Terje Torkildsen. I møte med dei ulike scenene frå bøkene, møter menneska kjensler som frykt, forelsking og sorg, og slik kjem dei gradvis i kontakt med seg sjølve, med sine kjensler. Elevane får også erfare at dei to menneska stadig kjem nærare kvarandre, noko som til slutt resulterer i venskap. Venskap er løysingsordet i skjemaet, og gjennom framsyninga får vi erfare kor viktig venskap er. Som manusforfattar Lars Mæhle legg i munnen på «stemma» etter at dei to menneska har løyst oppdraget: «Venskap er grunnmuren i alle kjernekjenslene, dei som de no har lært gjennom å lese bøker. Først no skjønar de kven de er. No kan de atter finne plassen dykkar på jorda – utan å øydeleggje henne. For det viktigaste av alt, det er venskapet, det å vere glad i – og ta omsyn til – andre menneske. Og å lære seg verdien av samarbeid. For utan samarbeid går jorda under.»
Ved å gi smakebitar av alt det framifrå som blir skrive for barn- og ungdom på nynorsk og setje det inn i ein spanande kontekst, vil vi gi elevane lyst til å lese vidare på eiga hand. Les for livet! reiser viktige spørsmål knytt til identitet, behovet for samarbeid og venskap, og syner fram kor viktig litteratur kan vere for menneska og samfunnet dei lever i.

Tidskapselen, Sunnfjord museum.

Kulturarv, Trinn: 9
I samarbeid har Den kulturelle skulesekken og Musea i Sogn og Fjordane utvikla tilbodet "Tidskapselen", der målet er at elevane skal bli betre kjende med kulturarv og museumsarbeid, og med museet i sitt eige nærmiljø.
«Tidskapselen» har to deler. Ei generell innføring i museumsarbeid og kulturarv, der elevane får lære om samfunnsoppdraget og oppgåvene eit museum har. Dei får vite kvifor vi har museum, kva mål dei har, og korleis dei arbeider. Elevane får også spesifikk informasjon om og vert kjende med den museumsavdelinga dei besøkjer. Kva er dette museet sitt oppdrag og si målsetjing. Kva er det særskilde dei skal formidle og ta vare på?Gjennom dette tilbodet vil DKS Sogn og Fjordane gje elevane og skulane kjennskap til arbeidet med kulturarv generelt og kulturarven i Sogn og Fjordane spesielt. "Tidskapselen" er eit årleg tilbod og vert arrangert for tredje gong i år.Museumsdagane ved dei fleste musea vert arrangert i september/oktober. «Tidskapselen » er eit heildagstilbod, og så langt råd er skal elevane få tilbodet innan ordinær skuletid. Informasjon om dato for besøk finn de i turnéplanen.

Viktig praktisk informasjon:
  • Elevane skal i hovudsak vere utandørs og det er difor viktig at dei kler seg etter vêret. Dei må også ha med seg matpakke og noko å drikke.

  • Den kulturelle skulesekken dekkjer reisa for skulen. Skulane organiser reisa sjølv, slik det passar best for dykk - anten m/ buss, privatbil eller båt. Skulen tingar transport og ber transportselskapet sende faktura til DKS. Dersom skulen ynskjer å nytte privat transport kan skulen sende faktura til DKS for kostnadane med dette. Nokre skular skal besøkje museet samstundes med naboskulen/skulane, det kan då vere praktisk med felles transport.

  • Som hovudregel vil programmet på museet starte mellom kl. 09:30 og 10:00, og verte avslutta ein gong mellom kl. 13:00 og 13:30. Oppstart på museet vert tilpassa til når kvar enkelt skule kan vere der, men for at gjennomføring av dagen skal vere god bør elevane vere på museet i om lag tre timar – og gjerne noko lenger der det er mogeleg. Nokre av skulane får ein lang reiseveg til museet, og må utvide skuledagen noko for å gjennomføre museumsdagen. Museet tek direkte kontakt  med kvar skule for å avtale detaljane kring frammøte, avreise osv.
Fakturaadresse for transport
Sogn og Fjordane fylkeskommune, løn- og rekneskapsavdelinga, Askedalen 2, 6863 LEIKANGER. Fakturaen skal merkast med «DKS Tidskapselen + namn på skulen ».​​​​​​​

Tungeskjærerne

Film, Trinn: 1-7
Vi er i Nord-Noreg, i landets største fiskerikommune, Øksnes i Vesterålen. Saman med fiskarar som sløyer torsk så blodet sprutar, står Tobias (10) bøygd over eit kar med avskorne torskehovud. Han svingar kniven skremmande kjapt, medan han skjær torsketunger som han trer ned på ein lang, skarp spikar. Vi møter også jenta Ylva frå Oslo, ho skal prøve å skjære tunger for første gong.På kaia har Tobias og hundretals andre barn tent eigne pengar frå 5-årsalderen. Dei arbeider som torsketungeskjærarar, og mange kan tene opp mot 50 000 kroner i løpet av vinteren. Denne jobben har alltid vore for barna, ein tradisjon som har vart like lenge som fiskeria i Nord-Noreg.
Uttrykksform
Åpne filter