Gloppen ungdomsskule

Gloppen ungdomsskule

Postadresse: Gota 10, 6823 Sandane

Besøksadresse: Gota 10, 6823

Telefon: 57 88 39 50

Kontaktperson: Bjarne Iestra, 90535170, bjarne.iestra@gloppen.kommune.no

Tal på produksjonar: 3

  • Alle

Digital litteratur Jan Tore Noreng

Litteratur, Trinn: 8-10
Våren 2020 tilbyr DKS nokre digitale tilbod. Tanken er at skulane lett kan formidle desse tilboda til elevane gjennom digitale medie. Under her ligg det også ei lærarrettleiing som seier meir om produksjonen. Jan Tore Noreng er forfattar,  har undervist i kreativ skriving og har jobba som lærar i mange år.
Den siste boka hans er Kunsten å tryne (2020). Han fekk Uprisen i 2016 for #alfahann og blei nominert til ARKs barnebokpris i 2011 for Dødens skole.Informasjon frå Kulturtanken om digital kulturformidling i DKS

Digital litteratur, Terje Torkildsen

Litteratur, Trinn: 8-10
Våren 2020 har DKS nokre digitale tilbod. Tanken er at skulane lett kan formidle desse tilboda til elevane gjennom digitale medie. Under her ligg det også ei lærarrettleiing som seier meir om produksjonen.Torkildsen har jobba som standup-komikar i 20 år og brukar mykje humor i formidlinga si. Han debuterte i 2008 med ungdomsromanen Marki Marco, som vann Uprisen, og har sidan gitt ut ungdomsbøkene Dystopia 1-4, Arrfjes, Stavanger Stories 1-2 og Isla Bonita. Han skulle ha vore på DKS-turné i Vestland, men har no i staden laga nokre korte formidlingsøkter frå programmet.

Eit lite stykke Brasil

Musikk, Trinn: 8-10
Gabriela, Per og Audun har gjennom åra lært seg ulike instrument, dei har vore innom mange forskjellige musikksjangrar og samarbeidd med mange musikarar dei har møtt på sin veg. Det bergenske musikkmiljøet førte desse tre saman, og dei fann raskt «tonen». Kjærleiken til den brasilianske musikken vart ein fellesnemnar. I konserten fortel dei korleis denne kjærleiken oppstod, og kva dei har gjort for å følgje draumane sine.Mange kjenner til sjangrane Bossa Nova og Samba, men trioen ønskjer òg å presentere musikk som sjeldan vert spelt utanfor Brasil.
Uttrykksform
Åpne filter