Florø barneskole

Florø barneskole

Postadresse: Hans Blomgate 42, 6905 Florø

Besøksadresse: Hans Blomgt. 42, 6905 Florø

Telefon: 57 75 63 40

Kontaktperson: Venche Standal Byrkjeland, 57756340, 41534947, venche.byrkjeland@flora.kommune.no

Tal på produksjonar: 3

  • Alle

Digital litteratur Bjørn Ingvaldsen

Litteratur, Trinn: 5-7
Våren 2020 tilbyr DKS nokre digitale tilbod. Tanken er at skulane lett kan formidle desse tilboda til elevane gjennom digitale medie. Under her ligg det også ei lærarrettleiing som seier meir om produksjonen.Bjørn Ingvaldsen er ein av landets mest erfarne DKS-formidlarar, tidligare leiar av Noregs Bygdeumdomslag (NBU) og prisløna forfattar. Han er initiativtakar til det digitale formidlingsopplegget i DKS. Han har mellom anna vore nominert til Kulturdepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur, Uprisen, Bokslukerprisen og Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris.Informasjon frå Kulturtanken om digital kulturformidling i DKS

Digital litteratur Linde Hagerup

Litteratur, Trinn: 1-4
Våren 2020 tilbyr DKS nokre digitale tilbod. Tanken er at skulane lett kan formidle desse tilboda til elevane gjennom digitale medie. Under her ligg det også ei lærarrettleiing som seier meir om produksjonen. Linde Hagerup er forfattar, skrivelærar og avisspaltist. Ho var berre 17 år da ho kom inn på Skrivekunstakademiet i Bergen, som ei av dei yngste noensinne.
Ho mottok Kirke- og kulturdepartementets illustrasjonspris for diktssamlinga “Verdens største gorrilla og andre rim”.Informasjon frå Kulturtanken om digital kulturformidling i DKS
NB! For dei som ikkje har høve til å nytte YouTube er filmane også tilgjengelege på Vimeo:Del 1 https://vimeo.com/showcase/6955265/video/403675323Del 2  https://vimeo.com/showcase/6955265/video/403680319 Del 3 https://vimeo.com/showcase/6955265/video/403689376 

Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar

Musikk, Trinn: 1-7
Til konserten "Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar" har Lena Skjerdal, Knut Lothe og Erik Halvorsen komponert ny musikk for born basert på nynorske dikt skrivne av Lisbeth Dreyer. Dikta vart utgjevne i 2014 på Skald forlag og er illustrert av Per Ragnar Møkleby. Dikta er alle på rim og fortel på underfundig vis om livet i fjorden og i fjæresteinane. Tekstane inviterar til musikalsk fabulering, rytmiske og groovebaserte låtar, alt frå slentrande blues til stram tango og lyriske svev – alle med improvisasjon og leik som gjennomgåande element, med kommunikasjon og medverknad frå publikum i høgsetet.Musikarane har henta inspirasjon frå både norsk folkemusikk, reggae, nord-indisk ragabasert musikk, balkaninspirert folkemusikk, tango, amerikansk soulfunk, vest-afrikansk call-response - alt med utgangspunkt i opne øyre og levande samspel. FørearbeidPå konserten vil elevane få høyre om mange av fantane i fjæra. Forutan Konrad Kråkebolle, Enevald Eremittkreps og Bella Blåskjell, vil dei bli meir kjende med ma. Karelius Krabbe, Sabine Strandsnigel, Rikarda Reke og Siv Sjøanemone. Det er flott om elevane på førehand kan teikne eller male sine versjonar av nokre av desse fjærefantane til pynt i konsertlokalet.  Kulturtanken, Høgskulen på Vestlandet og DKS Sogn og Fjordane og er samarbeidspartar i utviklinga av dette konsertprosjektet.
Uttrykksform
Åpne filter