Naustdal barne- og ungdomsskule

Naustdal barne- og ungdomsskule

Postadresse: Tunavegen 6, 6817 Naustdal

Besøksadresse: Berrvellene 16, 6817 Naustdal

Telefon: 57 81 63 00

Kontaktperson: Ingrid Wettre Erdal, ingrid.wettre.erdal@naustdal.kommune.no

Tal på produksjonar: 6

  • Alle

Adoptert nynorskforfattar

Litteratur, Trinn: 8-10
Kven er eg eigentleg? Dette spørsmålet har forfattaren Brynjulf Jung Tjønn frå Sogn og Fjordane stilt seg ofte. Då han vaks opp følte han seg annleis enn dei andre borna og lengta bort. Han flytta til Oslo og slutta å skrive på nynorsk. Men etter ei stund skjønte han at dette var feil. Etter å ha vakse opp med nynorsk, forstod han at nynorsken var alt for viktig del av identiteten hans.I denne produksjonen vil Tjønn gjennom ord og bilete vise kor viktig det nynorske språket er for han, kor tett språk og identitet heng saman, og korleis ei reise tilbake til fødelandet Sør-Korea fekk han til å forstå kvifor han blei forfattar. 

Geitejazz (Sogn og Fjordane Teater)

Scenekunst, Trinn: 1-4
I denne forestillinga inviterer Idun Losnegård og Jacob Wyrtz elevane til å vere med på ein oppjazza versjon av eventyret «Ulven og dei sju geitekillingane». 

I eventyret møter vi geitemamma og dei sju geitekillingane hennar, i tillegg til ein litt småsvolten ulv. Ein dag må geitemora ut for å leite etter mat og dei sju killingane må vere att aleine heime. Ho gir killingane sine streng beskjed om at dei ikkje må opne døra for nokon, og iallfall ikkje ulven. Killingane gjer så godt dei kan, men ulven kan mange triks som ein må ha levd i fleire geiteår for å kunne gjennomskue. Han et krit for å gjere stemma mildare, og han drysser mjøl på dei svarte labbane sine. Klarer han til slutt å setje tennene i det møre kjøtet deira...? 
Distriktsmusikar og gitarist Jacob og skodespelar og songar Idun elskar å lage musikk saman med born. I denne framsyninga brukar dei improviserte jazzrytmar og musikalske krumspring for å gjere forteljinga meir levande. Men Idun og Jacob er også heilt avhengige av hjelp frå publikum til å få til den rette grooven. Elevane skal difor få vere å lage lyden av det bankande hjartet til killingen som gøymer seg i klokkeskåpet, og ikkje minst uvêret som bryt laust når ulven brått står midt på stovegolvet.Førearbeid
Viktig melding frå Idun og Jacob i Geitejazz:
Geitejazz vil gjerne ha teikningar frå elevane! Teikn ein eventyrfigur, gjerne frå favoritteventyret ditt eller kanskje frå eit eventyr som du hugsar veldig godt? Det kan vere eit stort eller lite dyr, eit rart vesen, eit tøysete troll eller ei morsom jente eller gut eller person - du bestemmer sjølv!  Bruk masse fargar og fyll ut heile arket.  Vi skal bruke lommelykt til å lyse på teikningane, og då er det supert med mange fargar på arka:-)Vi vil bruke eventyra i byrjinga av forestillinga!  Heng opp teikningane i rommet der framsyninga skal vere (men ikkje på den veggen der vi skal stå - der kjem ein bakvegg).  Heng gjerne opp på begge sider av sceneområdet.  Dersom de må reise til ein annan skule for å vere med på framsyninga, ta teikningane med!Takk frå Geitejazz!

Møtepunkt himmel og jord

Annet, Trinn: 1-10
"Først er eg tamil, så er eg hindu, så er eg norsk " - Tenish (24) fødd og oppvaksen i Noreg med foreldre frå Sri Lanka.Sentrale emner i "Møtepunkt himmel og jord" er religiøst mangfald og integreringsproblematikk. Innhaldet kan knytast til tema som historie (kulturarv), arkitektur, geografi, norsk (med utvida tekstomgrep) eller tverrfagleg arbeid, i tillegg til RLE-faget i grunnskule og vgs.Møtepunkt himmel og jord består av film, nettside og ei ressurskasse med religiøse gjenstandar.

Ringeren i Notre Dame

Scenekunst, Trinn: 5-7
- Spennande klassikar for born og unge !Ei natt blir eit lite deformert born funne på steintrappa til Notre Dame i Paris. Eit born ingen vil ha, eller vedkjenne seg. Tjue år seinare har bornet blitt ein ung mann, med eit veksande ynskje om å gå ut i verda utanfor katedralen og møte menneska der.Handlinga i Victor Hugos klassiske roman «Ringeren i Notre Dame» fra 1831 foregår i og omkring den veldige katedralen Notre Dame i Paris på 1400-tallet.  Historia om den pukkelryggede Quasimodo inneheld både komikk og tragedie, skrekk og romantikk. I botn ligg ei sterk forteljing om utanforskap som alle kan kjenne seg igjen i.Skodespelaren Anders Sanzén spelar på imponerande vis alle dei 25  forskjellige rollane, og har saman med musikar Bo Platzack hausta glitrande kritikkar for forestillinga.

Tidskapselen, Sunnfjord museum.

Kulturarv, Trinn: 9
I samarbeid har Den kulturelle skulesekken og Musea i Sogn og Fjordane utvikla tilbodet "Tidskapselen", der målet er at elevane skal bli betre kjende med kulturarv og museumsarbeid, og med museet i sitt eige nærmiljø.
«Tidskapselen» har to deler. Ei generell innføring i museumsarbeid og kulturarv, der elevane får lære om samfunnsoppdraget og oppgåvene eit museum har. Dei får vite kvifor vi har museum, kva mål dei har, og korleis dei arbeider. Elevane får også spesifikk informasjon om og vert kjende med den museumsavdelinga dei besøkjer. Kva er dette museet sitt oppdrag og si målsetjing. Kva er det særskilde dei skal formidle og ta vare på?Gjennom dette tilbodet vil DKS Sogn og Fjordane gje elevane og skulane kjennskap til arbeidet med kulturarv generelt og kulturarven i Sogn og Fjordane spesielt. "Tidskapselen" er eit årleg tilbod og vert arrangert for tredje gong i år.Museumsdagane ved dei fleste musea vert arrangert i september/oktober. «Tidskapselen » er eit heildagstilbod, og så langt råd er skal elevane få tilbodet innan ordinær skuletid. Informasjon om dato for besøk finn de i turnéplanen.

Viktig praktisk informasjon:
  • Elevane skal i hovudsak vere utandørs og det er difor viktig at dei kler seg etter vêret. Dei må også ha med seg matpakke og noko å drikke.

  • Den kulturelle skulesekken dekkjer reisa for skulen. Skulane organiser reisa sjølv, slik det passar best for dykk - anten m/ buss, privatbil eller båt. Skulen tingar transport og ber transportselskapet sende faktura til DKS. Dersom skulen ynskjer å nytte privat transport kan skulen sende faktura til DKS for kostnadane med dette. Nokre skular skal besøkje museet samstundes med naboskulen/skulane, det kan då vere praktisk med felles transport.

  • Som hovudregel vil programmet på museet starte mellom kl. 09:30 og 10:00, og verte avslutta ein gong mellom kl. 13:00 og 13:30. Oppstart på museet vert tilpassa til når kvar enkelt skule kan vere der, men for at gjennomføring av dagen skal vere god bør elevane vere på museet i om lag tre timar – og gjerne noko lenger der det er mogeleg. Nokre av skulane får ein lang reiseveg til museet, og må utvide skuledagen noko for å gjennomføre museumsdagen. Museet tek direkte kontakt  med kvar skule for å avtale detaljane kring frammøte, avreise osv.
Fakturaadresse for transport
Sogn og Fjordane fylkeskommune, løn- og rekneskapsavdelinga, Askedalen 2, 6863 LEIKANGER. Fakturaen skal merkast med «DKS Tidskapselen + namn på skulen ».​​​​​​​

Verken fugl eller fisk - i eit hav av plast

Visuell kunst, Trinn: 5-7
Verken Fugl eller Fisk - i eit hav av plastSaman med elevane undersøkjer miljøkunstnarane Kari Prestgaard og Astor Andersen korleis plastsøppel påvirkar livet i havet. Kva skjer med fuglane og fiskane langs kysten vår? Kan det å lage kunst av strandplast være med på å løyse dette veksande miljøproblemet? I samtale med elevane forsøker også kunstnarane å finne ut kva som gjer at noko kan kallast søppel.I ein to timars workshop arbeider elevane med plastbitar kunstnarane har samla på strender over heile verda. Alle materialer er vaska, rensa og sortert. Elevane sine arbeid vert fotografert og digitale filer vert sendt til skulane etter kvart som dei er klare . Dermed kan klassen sine bilder enkelt printast ut på ein fargeskrivar. Skulene vert oppfordra til å publisere og dele elevane sine arbeid på sosiale medier.Eit utvalg av bilda som vert laga på turnéen i fjor vart vist som utstilling på Stortinget i samband med Nordisk råds 70. sesjon i månadsskiftet oktober/november 2018. Prestgaard/Andersen donerte også to store kunstprint frå turneen i fjor haust til den direktesendte auksjonen under TV-aksjonen 2018.- Søppel finst ikkje, berre ressursar på avveg.Lenkjer til filmar, lærerveiledning og omtale av workshop ligg under bilete,videoar, lydklipp, vedlegg
Uttrykksform
Åpne filter