Kvinnherad vidaregåande skule

Kvinnherad vidaregåande skule

Postadresse: Opsangervegen 160, 5460 Husnes

Besøksadresse: Opsangervegen 160, 5460 Husnes

Telefon: 53 47 57 00

E-post:post.kvv@vlfk.no (KVV skulepost Kvinnherad vgs)

Kontaktperson: Finn Opsahl, 53 47 57 05 (Direkte arbeidsrommet), 930 43 806 (Jobbmobil), finn.opsahl@vlfk.no, Hilde Svalbjørg, 53 47 57 13 (Direkte), 414 74 680, hilde.svalbjorg@vlfk.no (Hovudkontakt)

Tal på produksjonar: 3

  • Alle

Et blikk på hverandre - H20 V21

Kunstarter i samspill, Trinn: VG1-VG3
Kunstverkstad og kunstproduksjon med lyd og bilete for elevar med trong for tilrettelegging.Det er ikkje lett å bli kjend med seg sjølv i vårt moderne samfunn som beveger seg så raskt framover. Kven er vi, eigentleg? Kva del av oss definerer oss som menneskje? Er det armen eller beinet vårt, hjernen, rullestolen eller mobilen? Og korleis oppfattar andre oss? Kva er det viktigaste våre vener og kjende vil framheve når dei skal skildre oss som heile menneskje?Desse sentrale, men ofte oversedde spørsmåla er det utøvarane nærmar seg gjennom arbeid med lyd og bilete saman med elevane i «Et blikk på hverandre»:
​Vi rettleier og bidreg til arbeidet når barn og unge med behov for tilrettelegging skal portrettere kvarandre nært og ærleg med fotografi og lydlandskap. Å opne seg sjølv for portrettering er sårbart og krev mot og styrke. Vi håpar, gjennom den kunstnarlege prosessen, å finna fram til både motet og styrken.I løpet av to skuledagar skapar utøvarane saman med elevane eit nært portrett av elevgruppa som deltek på kunstverkstaden. Portretta består av ein serie fotografi i tillegg til skildrande lydlandskap og musikk. Kunstverkstaden vektlegg gleda i å skape eit kunstnarleg produkt og presentere det for eit publikum. I tillegg er dette eit produkt som i høg grad er personleg, og som tyder mykje både for den som blir portrettert, og den som portretterer.
Resultatet blir ein videoproduksjon med lydlandskap. Etter ferdig arbeid blir produksjonen vist for dei medverkande og eit utvald publikum på skulen.I ”Et blikk på hverandre” skal alle som deltek, bli portrettert og sjølv portrettere ein medelev. Måten dette blir gjort på, kan i stor grad bli tilpassa den einskilde sine fysiske og psykiske utfordringar. Med utgangspunkt i to sansar, høyrsle og syn, vil vi vektleggje det som betyr mest for den som portretterer eller blir portrettert.Turnéperiode: Ulike veker gjennom året.

Frå sanning til oppdikta - frå journalistikk til litteratur H20

Litteratur, Trinn: VG1-VG3
Korleis nærme seg sanninga ved å dikte? Kor mykje kan eigentleg ein journalist fortelje når han kjenner sanninga, men ikkje har bevis? Etter å ha vore journalist i mange, mange år, gjekk Finn Bjørn Tønder over i dei skjønnlitterære forfattarane sine rekkjer. Men, han tok på mange måtar med seg journalistikken. Ved hjelp av skjønnlitterære verkemiddel kunne han endeleg få fortalt det han visste måtte vere sanninga, men ikkje kunne føre bevis for som journalist.Gjennom si tid som journalist i Bergen har Tønder har tatt opp tema innan kultur og kriminalitet. Stundom var sakene av ein slik karakter, at det var umogeleg å få dei skikkeleg belyste gjennom tradisjonell journalistikk. Ved skjønnlitterære grep kunne han avklara mysteria og problemstillingane, og kanskje kunne han fortelje kva som faktisk skjedde. Tønder tar elevane med inn i historiene frå verkelegheita og avslører korleis han fekk løyst dei gjennom fiksjon. Eksempla hentar han frå sine eigne romanar, og elevane får ei reise i tid og sanning.

Marthe Wang trio - V21

Musikk, Trinn: VG1-VG3
Musikken til Marthe Wang har blitt kalla «ei perfekt blanding av popperler med jazzvendingar».  Ho har ei klokkeklar stemme og saman med musikarane sine framfører ho låtane levande og nært. Dei har funne fram til eit stort uttrykk i eit lite format, og kan fylle både store og små scener. 17.april 2020 ga ho ut sitt andre album “Bakkekontakt” - og VG skreiv “Sjelden har noe så alminnelig som å holde beina på jorden vært så ekstraordinært"Marthe Wang er fødd og oppvaksen i Bergen. I 2017 debuterte ho med albumet "Ut å se noe annet" som fekk strålande kritikkar og som blei nominert til Spellemannsprisen. Året etter vart ho tildelt Tekstforfatterfondets lyspunktpris, TONOs Edvardpris og låten "Til deg" var Kirkens Bymisjons TV-aksjonslåt. I 2019 spelte ho for unge menneske under opphald på rusinstitusjonar i regi av Kulturdråpen. Låten "No sier eg adjø" var på A-lista til NRK P1 i store deler av vårsemesteret 2020.Gjennom stemme, tekstar og sceneopptreden framstår Marthe Wang som ein sterk formidlar. Tekstane handlar mellom anna om korleis vi menneske ser på kvarandre, korleis vi er overfor kvarandre, og med håp om ei betre verd. Dei er framtidsretta og har engasjement for ungdommens stemme i klima- og miljøsaka. 
Uttrykksform
Åpne filter