Osterøy vidaregåande skule

Osterøy vidaregåande skule

Postadresse: Solbjørgsdalen 12, 5282 Lonevåg

Besøksadresse: Solbjørgsdalen 12, 5282 Lonevåg

Telefon: 56 19 40 00

E-post:post.ost@vlfk.no (OST skulepost Osterøy vgs)

Kontaktperson: Reidun Elise Foldøy, 56 19 40 13 (Direkte), 976 08 530 (Direkte når ho ikkje er på skulen.), reidun.elise.foldoy@vlfk.no (Hovudkontakt)

Tal på produksjonar: 3

  • Alle

dePresno - V21

Musikk, Trinn: VG1-VG3
UNGDOMMENS VAL!Representantane i Vestland Ungdomsutval har fått velje 6 produksjonar til grunnskulen og den vidaregåande skulen for skuleåret 2020/21, og "dePresno" er ein av desse!dePresno var Urørt-finalist våren 2016 med låten «Stranger in Disguise», og i løpet av året var han ein av dei mest spelte artistane i norsk radio. Han var også med på Lindmo, Trygdekontoret og Gullruten.  dePresno fangar og engasjerer publikum med si heilt unike stemme og står fram som ein ærleg og ekte popartist og låtskrivar.
dePresno var ein av dei mest spennande debutantane frå Bergen då at han slapp «Forever» i mai 2015. Etter det har han gitt ut fleire låtar som «See You Soon» og «Mr Big» som blei Ukas Låt på P3. Gjennombrotet fekk han i 2016 med singelen «Hide And Seek».  Låten har blitt spelt meir enn 2 millionar gonger på Spotify og har blitt framført bl.a. på Lindmo og TV-Aksjonen. Dei siste åra har han halde fleire konsertar på mellom anna by:Larm, Eurosonic og The Great Escape, og han har vore på Europaturné med Aurora og Bear’s Den.

Et blikk på hverandre - H20 V21

Kunstarter i samspill, Trinn: VG1-VG3
Kunstverkstad og kunstproduksjon med lyd og bilete for elevar med trong for tilrettelegging.Det er ikkje lett å bli kjend med seg sjølv i vårt moderne samfunn som beveger seg så raskt framover. Kven er vi, eigentleg? Kva del av oss definerer oss som menneskje? Er det armen eller beinet vårt, hjernen, rullestolen eller mobilen? Og korleis oppfattar andre oss? Kva er det viktigaste våre vener og kjende vil framheve når dei skal skildre oss som heile menneskje?Desse sentrale, men ofte oversedde spørsmåla er det utøvarane nærmar seg gjennom arbeid med lyd og bilete saman med elevane i «Et blikk på hverandre»:
​Vi rettleier og bidreg til arbeidet når barn og unge med behov for tilrettelegging skal portrettere kvarandre nært og ærleg med fotografi og lydlandskap. Å opne seg sjølv for portrettering er sårbart og krev mot og styrke. Vi håpar, gjennom den kunstnarlege prosessen, å finna fram til både motet og styrken.I løpet av to skuledagar skapar utøvarane saman med elevane eit nært portrett av elevgruppa som deltek på kunstverkstaden. Portretta består av ein serie fotografi i tillegg til skildrande lydlandskap og musikk. Kunstverkstaden vektlegg gleda i å skape eit kunstnarleg produkt og presentere det for eit publikum. I tillegg er dette eit produkt som i høg grad er personleg, og som tyder mykje både for den som blir portrettert, og den som portretterer.
Resultatet blir ein videoproduksjon med lydlandskap. Etter ferdig arbeid blir produksjonen vist for dei medverkande og eit utvald publikum på skulen.I ”Et blikk på hverandre” skal alle som deltek, bli portrettert og sjølv portrettere ein medelev. Måten dette blir gjort på, kan i stor grad bli tilpassa den einskilde sine fysiske og psykiske utfordringar. Med utgangspunkt i to sansar, høyrsle og syn, vil vi vektleggje det som betyr mest for den som portretterer eller blir portrettert.Turnéperiode: Ulike veker gjennom året.

Familiebildet H20

Film, Trinn: VG1-VG3
Filmframsyning og møte med filmaskaparen Yvonne Thomassen.I denne produksjonen innleier filmskapar Yvonne Thomassen kort om skilnaden på dokumentar- og fiksjonsfilm, og syner sin dokumentarfilm "Familiebildet".Om handlinga i filmen: Då Thomassen si bestemor ar 26 år opplevde ho noko som sette djupe spor for resten av hennar liv. Heile Finnmark blei sett i brann og på det næraste utsletta. Saman med mannen og deira tre bornmåtte dei flykte - eller bli att og døy. I tre veker var dei på flukt i ein lirten sjark.Å halde familien samla var det viktigaste for bestemor, men i dag er det ikkje alle som har kontakt lengre.Thomassen vil difor prøve å samle familien for å ta eit siste familiebilete - og for å finneut kvifor ting blei som dei blei. Då dukkar det opp noko som ho slett ikkje visste om familien og seg sjølve. Dei er av samisk slekt, og det er det ingen som vil snakke om. Det er faktisk framleis skamfullt.Etter filmvisning ynsker Yvonne Thomassen å få klassen med på ei samtale om dei ulike tema som filmen tar opp -  kva skjedde i Finnmark 1944, Flyktningar i dag, Samisk historie og fornorsking sett opp mot Norge i dag, Korleis det var å lage ein så personleg filmTurnéperiode: ​​​​​​​Veke 42 og 43; 12.- 23. oktober.
Uttrykksform
Åpne filter