Foldrøy skule

Foldrøy skule

Postadresse: Hamnavegen 21, 5428 FOLDRØYHAMN

Besøksadresse: Hamnavegen 21, 5428 FOLDRØYHAMN

Telefon: 53 42 35 80

E-post:foldroy.skule@bomlo.kommune.no

Kontaktperson: Vibeke Dahl, 53 42 35 82, vibeke.dahl@bomlo.kommune.no

Tal på produksjonar: 2

  • Alle

Havets avtrykk - H20

Visuell kunst, Trinn: 5-7
"Havets avtrykk" handlar om marin plastforsøpling, marinbiologi, fotohistorie og om å bruke kunst til å uttrykke seg.

Biletkunstnar Emma Gunnarsson og marinbiolog Therese Meyer kombinerar kunst og vitskap. Saman fortel dei om utviklinga av plastbruk i samfunnet vårt, og korleis plasten påverkar hava våre.Emma introduserar ein fototeknikk frå 1800-talet for elevane; cyanotypi. Med akvarellpapir og UV-stråling vil elevane komponere sine eigne avtrykk av plastforsøplinga. Resultatet blir eit blått bilete som er vakkert å sjå på samstundes som det formidlar ein viktig bodskap. Medan bileta vert framkalla, viser Therese fram levande skapningar frå havet utanfor Bømlo.Saman skapar utøvarane rom for ny kunnskap, kreativitet og undring.

Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar - H20 og V21

Musikk, Trinn: 1-4
Til konserten "Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar" har Lena Skjerdal, Knut Lothe og Erik Halvorsen komponert ny musikk for born basert på nynorske dikt skrivne av Lisbeth Dreyer. Dikta vart utgjevne i 2014 på Skald forlag og er illustrert av Per Ragnar Møkleby. Dikta er alle på rim og fortel på underfundig vis om livet i fjorden og i fjæresteinane. Tekstane inviterar til musikalsk fabulering, rytmiske og groovebaserte låtar, alt frå slentrande blues til stram tango og lyriske svev – alle med improvisasjon og leik som gjennomgåande element, med kommunikasjon og medverknad frå publikum i høgsetet.Musikarane har henta inspirasjon frå både norsk folkemusikk, reggae, nord-indisk ragabasert musikk, balkaninspirert folkemusikk, tango, amerikansk soulfunk, vest-afrikansk call-response - alt med utgangspunkt i opne øyre og levande samspel. FørearbeidPå konserten vil elevane få høyre om mange av fantane i fjæra. Forutan Konrad Kråkebolle, Enevald Eremittkreps og Bella Blåskjell, vil dei bli meir kjende med ma. Karelius Krabbe, Sabine Strandsnigel, Rikarda Reke og Siv Sjøanemone. Det er flott om elevane på førehand kan teikne eller male sine versjonar av nokre av desse fjærefantane til pynt i konsertlokalet.  Kulturtanken, Høgskulen på Vestlandet og DKS Sogn og Fjordane og er samarbeidspartar i utviklinga av dette konsertprosjektet.
Uttrykksform
Åpne filter