Vossestrand barne- og ungdomsskule

Vossestrand barne- og ungdomsskule

Postadresse: Vossestrandvegen 714, 5713 VOSSESTRAND

Besøksadresse: Vossestrandvegen 714, 5713 VOSSESTRAND

Telefon: 56521337, 95 26 20 32

E-post:vossestrand.skule@voss.kommune.no, marsha.faulk@voss.kommune.no

Kontaktperson: Marsha Helene Faulk, 907 54 481, marsha.faulk@voss.kommune.no

Tal på produksjonar: 5

  • Alle

Kortfilm Ella - H20

Film, Trinn: 8-10
Filmen «Ella» viser ei mor og ein far som skal besøke den 15 år gamle dottera som sit i fengsel for drap. Temaet i filmen er barn i fengsel og ei mor sin vilkårslause kjærleik til barnet sitt.Etter visninga vil regissør Tommy Næss fortelje om korleis han får inspirasjon som filmskapar, korleis ein film blir produsert og om prosessen frå ide til ferdig film. Elevane blir tekne med i diskusjon om kva verkemiddel som er brukte i filmen. Andre tema som er naturlege å ta opp kan vere: barn i fengsel, forhold i norske fengsel samanlikna med andre land, foreldre sin kjærleik til barna sine osv.

Alle utlendinger har lukka gardiner

Film, Trinn: 10
Alle utlendingar har lukka gardiner er ein film om kor jævleg og vidunderleg det er å vera forelska. Samtidig er det ein historie om venskap, sakn og kjærleik, om å verta sjølvstendig og lausriva seg, og  å vera ungdom i Norge og verda i dag. Filmen er basert på Maria Navarro Sarangers debutroman med samme namn.

Folkedans (Astri Sudmann og Arne Anderdal)

Scenekunst, Trinn: 5
Dans er ein del av rørslekulturen vår og er med å utvikle eit allsidig rørslemønster, som er viktig for å fremje god helse. Elevane kan etter eigne føresetnadar oppleve meistring og meistringsglede. Samhandling er viktig i dansen. Lokal dans som Vossaspringar vil gje ei oppleving av vår lokale kulturarv.
Gjennomføring: Astri og Arne kjem til skulen, og møter elevane i gymsalen. Elevane vert fyrst samla og Astri fortel litt om kva som skal føregå.

Konzata og tryllefiolinen

Scenekunst, Trinn: 1
Då nærmar det seg forestilling med Konzata og Distriktsmusikarane på Voss.
Me legg ved notar til ein liten voggesong som det kunne ha vore fint om elevane, eller nokre av dei, kunne øva inn på førehand. Det er ikkje noko ”must”, men det er alltid kjekt om dei kan syngja med på ein song! Konzata - eller Konzata Fiksfulius Skrekk Fermata, som hennar fulle namn lyder,er ei svært utriveleg trollkvinne som held til i den store eikeskogen like ved landsbyen der våre to heltar,Mirjam og Rami, bur. Dei er søsken og sauegjetarar. Snart er det tid for den store sommarfesten, og landsbyborna har hendene fulle med dansetrening og orkesterøving.

Det er berre det at Konzata hatar musikk, og ho hatar barn. Natta før sommarfesten er plutseleg alle musikkinstrumenta vekke. Mistanken rettar seg fort mot den nifse heksa. Utan instrument, ingen fest, og våre to venner dreg trøstig i veg innover i den store, mørke eikeskogen for å prøva å finna att instrumenta.

Meir skal me ikkje røpa, men at det går bra til slutt, og at alle får som fortent, ligg vel i korta.

"Konzata og den magiske fiolinen" passar best for dei to eldste årskulla i barnehagen og dei to yngste årskulla i barneskulen. Forestillinga inneheld både musikk, dans og drama, og borna vert på ein naturleg måte aktivert inn i songen og dansen.Mykje av konserten går føre seg under den store sommarfesten i landsbyen der Konzata bur, så det er også ekstra moro om nokre av borna har lyst til å kle seg i sommarfestantrekk slik musikarane gjer, med sommarhattar eller –luer, sommarsjal, sommarkjolar, nistekorg og liknande.Det vert litt aktivitetar i form av dans og ein marsj rundt i konsertlokalet, så me ynskjer at det er plass til dette (gymsal eller ekstra stort klasserom) og at det IKKJE vert sett ut stolar eller lagt ut matter, men at elevane sit direkte på golvet. Framsyninga er todelt:1)Førebuingar og innøvingar til konserten saman med elevane, ca. 30 min.2) Sjølve konserten, ca. 40 min.
Mellom desse to delene treng me 15-20 min. riggetid. Det vil sei at me bereknar ca. 1 ½ time til forestillinga totalt.

Me treng:
Piano
Tilgang til garderobe. 
4 stolar.                                                                                                                                                                                            Ein pianokrakk eller liten skammel / lite, lågt bord.

Lær å spela ukulele

Musikk, Trinn: 7
I løpet av tre økter på 90 min skal elevane læra å spela ukulele til kjente og enkle songar. Gjennom perioden på tre veker får dei kvar sin ukulele til heimlån og eit songhefte slik at dei kan øva heime. Målet med undervisninga er at elevane skal ha det kjekt med å meistra eit instrument og vera i stand til å utvikla seg vidare på eiga hand. Det vert øving på grepa C,F,Am,D,Dm og Bb og øving på samspel. Dei som får det til, syng også med. Me nyttar kjente songar på norsk og engelsk i eit hefte som elevane får behalda etter prosjektet. Det vert trening på rytmikk og å fylja enkle akkordskjema og vampar. 
Klassen avsluttar med ein liten huskonsert for andre elevar på skulen. Mål: Å læra dei viktigaste akkordane på ukulele, kunna lesa enkle akkordskjema med tekst, utvikla god rytmikk med høgrehanda og oppleva meistring med å læra å spela eit instrument i felleskkap med andre.
Uttrykksform
Åpne filter