Utforsk våre produksjonar og sjå kva som skjer

Gå til kommune eller skule

DKS - Vestland

Vestland

Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen

Besøksadresse: Sandslihaugen 30, 5020 Bergen

Telefon: 05557

E-post:dks@vlfk.no

Tal på produksjonar: 6

  • Alle

Hei Kalas! V21

Musikk, Trinn: 1-7
“Alle synger om hest og hund og kattOm søte små valper pakket inn i vattMen ingen husker kloakkdyraKloakkdyr er braStygge dyr er også bra»Hei Kalas! syng og speler musikk med ein underfundig undertone. Songane er morosame på en trist måte, eller triste på en morosam måte. Det handlar om kva man tenkjer på og opplever i kvardagen. Store og små ting. Alt frå Kongar som dør til bukser som klør. Songane er for born, men Hei Kalas tykkjer born og vaksne er opptatt av mykje av dei same ting, berre i litt forskjellig skala. Det er ikkje enkelt å være born, eller vaksen. Det spesielle med Hei Kalas! er måten dei formidlar daglegdagse ting på. Slik at både born og vaksne kan kjenne seg att.Hei Kalas! kjem til din skule for å undre seg over verda, livet, dyra og menneskja. Kvifor er verdsrommet uendeleg og kvifor smaker syltetøy med sand så godt?Kven er Hei Kalas!Heidi Marie
  • Likar: å spele gitar, drikke te, tjukke labbar og andre myke ting en kan ha på kroppen, spise vaflar og snakke om verdsrommet.
  • Likar ikkje: mokkabønner og kø.
  • Har: møtt Dolly Parton in person to gongar.
  • Ynskjer seg: ei heil natts søvn.
Roy Ole
  • Likar: haust, å bu i Bergen for der regnar det heile tida (han har soleksem og toler ikkje klor, så sydenferie utgår), gå med tøflar, høyre på vinylplatebebiane sine til langt på natt, tenne stearinlys,      drikke kaffe og lese.
  • Likea ikkje: Stressa folk, sure folk, sinte folk, sjølvopptekne folk og altfor sterk sol (igjen; soleksem).
  • Har: ei datamaskin, som han er på heile tida og lagar rare lydar med.
  • Ynsker seg: eit lite hus med tregolv, vedomn og enda fleire bøker og helst ingen naboar, eller kanskje nokre naboar men dei må vare greie og helst ikkje prate så mykje.
Brit  
  • Tykkjer om: å sjå film, gå på oppdagingsferd i byggefelt, eta mat med bønner i 
  • Tykkjer ikkje om: å stå opp tidleg og folk som trur dei er viktigare enn dei er 
  • Har: det nesten alltid støvete hos meg, utanom når systera mi har vore på besøk og vaska 
  • Ønsker seg: fint ver, men at eg ikkje må vera ute heile tida av den grunn. Så kanskje litt regn, då.
 

Hus i hodet - H20

Visuell kunst, Trinn: 1-4
Dette er eit prosjekt som handlar om forventning, estetikk, sjølvforståing, realfag, arkitektur og engasjement. Alle barn har eit ønskje om å "byggje og bu", ein stad å leike og drøyme. Gjennom utstillinga får barna reflektere over kva eit hus er, kva det betyr og korleis vi tenkjer rundt det. Samtidig får elevane demonstrert enkle geometriske, konstruksjonsmessige prinsipp gjennom dialog, leik, samarbeid  -  og utan avansert teknologi.Utstillinga består av 24 plansjar på 50 x 50 cm som viser ulike bygg frå heile verda, frå det store til det vesle, frå det normale og kjende til det spektakulære, frå eventyrpalass til utedo. Plansjane er trykte på 4 store, mjuke terningar med eit bilde på kvar side. Prosjektet legg opp til dialog med barna etterkvart som bilda blir kasta fram med treningane.Elevane får også sjå eit element (5x5 meter) i armert PVC-duk. Dette kan blåsast opp, formast og endrast frå flat madrass til ein vegg eller eit tak med gavl. Barna blir oppfordra til å sjå kva som er muleg å byggje med desse elementa, og gjennom samarbeid vil dei kunne endre form og plassering. Med terningane og elementet er det muleg å lage mange ulike bygg. Viss det er ønskjeleg kan ein også dokumentere prosessen ved å ta bilde.

S.O.S. Blomstereng - V21

Litteratur, Trinn: 1-4
Ingvild Haga vil lese høgt frå boka om humlene Hilda og Hanne. Illustrasjonar blir samtidig viste i stort format med lydkulissar i bakgrunnen. Barna får lære om gammeldagse blomsterenger, dei får innblikk i kva for artar som er knytte til desse engene, mellom andre dei mange humleartene.
S.O.S. Blomstereng er ei bildebok av Jurgen Wegter, illustrert av Ingvild Haga. Boka kan vere eit godt utgangspunkt for samtale med barna om artsrike blomsterenger. Her lever eit mylder av insekt og blomster i perfekt symbiose, og barna får innsikt i sårbar og trua natur.Ingvild Haga vil samtale med barna som får bidra med kunnskap, undring og spørsmål. Elevane får sjå eit ekte humlebol, og studere dei 35 ulike humleartene i Noreg. Til slutt diskuterer dei korleis vi kan ta vare på blomsterenger og hjelpe insekta.S.O.S. Blomstereng er et formidlingstiltak for barn og unge utgitt med støtte fra Miljødirektoratet i juli 2017. Slåttemarkene er ei trua naturtype, og direktoratet har utarbeidd ein eigen handlingsplan for dei få markene som er igjen. Ved sida av klimaendringane er tap av biologisk mangfald ei av dei største utfordringane i verda.

Tidskapselen, Sunnfjord museum

Kulturarv, Trinn: 9
Med Tidskapselen som overordna tittel for DKS-tilbodet ynskjer vi å gje elevane kjennskap til Sunnfjord Museum sitt museumsarbeid og ansvarsoppgåver for vern av kulturarv, og korleis kulturarv er med å gje grunnlag for identitet og forståelse for eigne tradisjonar som noko verdifullt. Identitetsomgrepet blir diskutert vidare i undertemaet «identitet i fortid, notid og framtid» der vi mellom anna ynskjer å gje elevane eit historisk tilbakeblikk på korleis identitetsomgrepet har endra seg gjennom dei siste 200 åra, og der vi vil gje dei eit bilete av kva grad unge på slutten av 1800-talet kunne forme sin eigen identitet. Kva er identitet, og kva spelar inn i forming av den? Kva fridom hadde ein på slutten av 1800-talet til å forme sin eigen identitet?
Viktig informasjon:
* Det er viktig at elevane kler seg godt etter vêret! Vi skal vere mykje ute! Dei må også
  ha niste og drikke med, og gjerne tørt skift med.
* Til læraren: Vi oppfordrar lærarane til å utforme sitt «Eg-tre», og til å vere delaktig i
  det som skjer under museumsbesøket.
* Alle grupper som deltek på opplegga må ha med seg ein eller fleire vaksne, og det er
  læraren som har ansvar for gruppa.
 * Vi ynskjer å gje elevane gode opplevingar, og det er bra å vere førebudd. Snakk med
   elevane før besøket. Kva er eit museum, korleis oppfører vi oss, og kva skal gå føre
   seg under besøket?
*  Meld frå i god tid om de har særskilde behov.

Fakturaadresse for transport
Vestland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen. Fakturaen skal sendast i EHF-format. Elektronisk fakturaadresse: 821311632.Fakturaen skal merkast med «DKS Tidskapselen + namn på skulen og ressursnummer 34807».​​​​​​​

Tippe Tippe Tue - V2021

Musikk, Trinn: 1-7
Eit musikalsk møte med tre av våre fremste unge folkemusikararI dette programmet får elevane møte folkemusikarane Malin Alander, Ingrid Stuhaug og Ole Nilssen. Dei byr på ein variert og leiken meny med både gneistrande slåttespel på hardingfele og trekkspel, vakre folketonar, og eit knippe rim og regler som elevane skal få lære seg nokre av. Regien er ved Jeff Pedersen.FørearbeidDet er fint om elevane får gjere seg kjende med songen "Tippe Tippe Tue" som ligg vedlagt som pdf og lydfil.  Songen vil bli framført i starten av konserten, og elevane får vere med for fullt seinare i programmet.Praktisk konsertførebuing• Sceneoppsett: Det er lagt ut ei skisse (pdf) med sceneoppsettet. Utøvarane vil gjerne at de lager ein halvsirkel med diameter 6-7 meter midt på sceneområdet, og eit "mini-amfi" rundt. Det vil seie matter fremst, så benkar og stolar. Utøvarane treng eit bord (pult-storleik), og det må vere eit straumuttak nær sceneområdet. ​​​​​​​• Aldersblanding: På skular med fleire konsertar er det fint med aldersblanding på konsertane. 
​​​​​​​• Ankomst: Musikarane kjem til skulen omlag 45 min. før konserten startar. 
• Bærehjelp: Musikarane vil gjerne ha hjelp av 2 elevar til å bere inn litt utstyr når dei kjem.​​​​​​​

God konsert!


Verdas beste Disney - V21

Musikk, Trinn: 4-7
Disney med Distriktsmusikarane i SogndalDistriktsmusikarane i Sogndal, Akiko på piano, Leif på trombone og Bjørn Gisle med si barytonstemme byr på eit musikalsk møte med musikk frå Walt Disney sine filmar. Dette blir eit fengande program med ein variert meny med kjende og kanskje også litt mindre kjende songar frå Disney sitt filmrepertoar. Elevane vil ma. få høyre melodiar frå "Snøkvit og dei sju dvergane", "Pocahontas", "Trollmannens læregut", "Herkules",  og sjølvsagt også "Frost" og "Løvenes Konge". FørearbeidVi vil gjerne at elevane teiknar eller malar bilete med Disney-motiv frå nokre av desse filmane som kan hengast opp i konsertlokalet på førehand. Lag gjerne ein montasje ved inngangen til konsertlokalet der elevane kjem inn, gjerne også i større format. Regi: Jeff PedersenGod konsert!
Uttrykksform
Tidspunkt
Åpne filter