Tilbake
Klara Sofie Ludviksen
Fredrik Rysjedal
Fredrik Rysjedal

Freseskyflyet

Møt Snutt, oppfinnaren av Frese-sky-flyet, isbjørnungen Burrr, Surfe-Sofie, Heng I hop og alle dei andre i landet Gnore like ved Nordpolen. Når isen smeltar og havet stig, skjer det dramatiske ting med livet til både isbjørnar og menneske.

For kva skal ein isbjørnunge med vasskrekk gjere når isflaket han klamrar seg til forsvinn under han?

Og kan verdens største oppfinnar greie det umulige - å snu klimaet slik at det på nytt blir is på Nordpolen?

Forfattaren Rolf Losnegård fortel og les frå den elleville klimaboka om Frese-sky-flyet saman med illustratøren Fredrik Rysjedal som tek oss med inn i teiknarens verkstad der personar og spennande situasjonar får liv.

Boka har fått diplom som ei av «Årets vakreste bøker 2015».

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Idé/ opplegg: Rolf Losnegård

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Rolf Losnegård: cand. mag med historie, norsk og litteratur. Dramatikar, forfattar og instruktør. Tidl. turnert med Konflikt blir drama.
Fredrik Rysjedal: Utdanna ved Kunst og håndverk, Bergen. Stipendiat same stad, har jobba mykje workshop med ungdom, spesielt teikneserie. Har illustrert og designa fleire bøker.

Publikumskommentarer