Tilbake
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Dalsøyra skule
Dalsøyra skule
Dalsøyra skule
Dalsøyra skule
DKS

Møtepunkt himmel og jord

"Først er eg tamil, så er eg hindu, så er eg norsk " - Tenish (24) fødd og oppvaksen i Noreg med foreldre frå Sri Lanka.

Sentrale emner i "Møtepunkt himmel og jord" er religiøst mangfald og integreringsproblematikk. Innhaldet kan knytast til tema som historie (kulturarv), arkitektur, geografi, norsk (med utvida tekstomgrep) eller tverrfagleg arbeid, i tillegg til RLE-faget i grunnskule og vgs.

Møtepunkt himmel og jord består av film, nettside og ei ressurskasse med religiøse gjenstandar.

Lærarrettleiing

Film- og nettbasert religionsformidling

Her er samansetjinga av den turnerande ”religionspakken”:

  • Film: Vi presenterer ein kortfilm laga i samarbeid med filmselskapet Flimmer Film i Bergen. Her får vi møte 6 norske ungdommar med ulik kulturell og etnisk bakgrunn som kvar på sin måte fortel om kva dei trur på. Dei har sjølve vore med og laga delar av innslaga, og filmen er ein svært tidsaktuell dokumentar om mangfaldet innanfor religiøs praksis i Noreg i dag. Filmen varer i ca 25 minutt.
  • Nettside: www.himmeljord.no treff du att ungdommane frå filmen, lagt ut som videosnuttar. Vi har laga ei svært innhaldsrik webside med fyldig kunnskapsstoff om dei fire verdsreligionane, og med virtuell tilgong til dei heilage romma til ungdommane i filmen. Eit digital bildebaser for gjenstandar for dei ulike religionane og lenkjesamling finn du også!
  • Ressurskasse: Ein innhaldsrik ressurskasse med utval av sentrale, autentiske gjenstandar knytta til kristendom, islam, hinduisme og buddhisme fylgjer med til skulane. Utanom å vere reine studieobjekt, kan det lagast flotte utstillingar på skulane knytt til kvar religion!

Møtepunkt himmel og jord er godt tilpassa innhaldet i Kunnskapsløftet både for RLE - og andre fag som t.d. norsk (med utvida tekstomgrep) eller i tverrfaglege settingar.

Sjå utfyllande informasjon om "Møtepunkt himmel og jord" til venstre under bilda.

Skular som ønskjer det kan kjøpe filmen for å ha den fast på skulen. Kontaktinfo ved bestilling av film: Ring tlf. 41 53 06 10, eller send melding med fakturaadresse til postmottak.kultur@sfj.no

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Skulen er sjølv ansvarleg for formidlinga til sine elevar.
  • Produsent: Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane.
  • Idé/ opplegg: Den kulturelle skulesekken i samarbeid med Grete Huus.

Publikumskommentarer