Tilbake
Atle Knudsen

Vesleblakken

Framsyninga Vesleblakken er ei dramatisering av novella med same namn av Rendalsforfatteren Jacob Breda Bull. Novella vart gjeven ut  i samlinga Prestegårdshistorier (1914), og på sett og vis gjort udødelig då Nordahl Rolfsen tok den med i boka «Lesebok for folkeskolen.»

Novella vert framstilt som eit autentisk barndomsminne frå forfatteren sin oppvekst: ein bror er dødssjuk, og legehjelp må hentast frå Tynset. Hesten Vesleblakken er både den raskeste hesten på garden og borna sin kjæraste ven, og det fell på drengen Ola Jonsen Styggpåjord å drive hesten til døde for å hente legen tidsnok.

Lærarrettleiing

Vesleblakken er ei dramatisering av ei novelle med same navn av Rendalsforfatteren Jacob Breda Bull. Novella vart gitt ut i samlinga Prestegårdshistorier (1914) og på sett og vis gjort udødelig då Nordahl Rolfsen tok den med i  "Lesebok for folkeskolen."

Mange vil også hugse historia om Vesleblakken gjennom melodien til Erling Stordahl, som kom ut i 1955 og vart ei landeplage.

Historia vert framstillt som et autentisk barndomsminne frå forfatteren sin oppvekst: ein bror er dødssjuk, og det må hentast legehjelp frå Tynset. Hesten Vesleblakken er både den raskeste hesten på garden og borna sin kjæreste ven, og det fell på drengen Ola Jonsen Styggpåjord å drive hesten til døde for å hente legen tidsnok.

Vesleblakken er ein co-produksjon mellom Teater Grimsborken og Teater Innlandet

Om utøvarar og produsentar

Norsk scenekunstbruk
  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Produsent: Teater Grimsborken i samarbeid med Teater Innlandet.
  • Idé/ opplegg: Teater Grimsborken

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Teater Grimsborken vart etablert i 1998 og har laga og turnert landet rundt med ei rekkje framsyningar. I denne framsyniga er desse med i produksjonen:

  • Atle Knudsen - instruktør
  • Markus Tønseth og Peder Opstad - skodespelarar
  • Peder Opstad - produsent
  • Iver Bjurgren - musikalsk leiar
  • Cathrine Gåre Opstad - kostymedesign
  • Britt Elin Østby - scenografi

Publikumskommentarer