Tilbake
Guro Høyvik/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Tidskapselen, Nordfjord folkemuseum - våren 2021.

Tidskapselen

Tidskapselen har Den kulturelle skulesekken og Musea i Sogn og Fjordane utvikla i samarbeid. Målet er at elevane skal bli betre kjende med kulturarv og museumsarbeid, og med museet i sitt eige nærmiljø.

Opplegget har to delar. Først får elevane ei generell innføring i museumsarbeid og kulturarv. Kva er samfunnsoppdraget og oppgåvene til eit museum? Kvifor har vi museum, korleis arbeider vi og kva er måla våre? Korleis kan eit museum vere ein tidskapsel?

I del to får elevane gjennom praktisk arbeid og erfaring betre kjennskap til ressursutnytting og sjølvberging i tidlegare tider. Dei får spesifikk informasjon om, og vert kjende med den museumsavdelinga dei besøkjer. Korleis var det å bu og leve i området for 250 og 150 år sidan? Korleis livnærte dei seg, kva åt dei og korleis verna dei seg mot pandemiar på den tida?

Gjennom dette tilbodet til DKS Vestland gje elevane og skulane kjennskap til arbeidet med kulturarv generelt og kulturarven i eigen region spesielt.

Tidskapselen er eit heildagstilbod, og så langt som råd skal elevane få tilbodet innan ordinær skuletid. Informasjon om dato for besøk finn de i turneplanen.

Sjå eige dokument med informasjon frå museet under «lærarrettleiing» lengre nede på sida.


 Viktig praktisk informasjon:

• Elevane skal i hovudsak vere utandørs og det er difor viktig at dei kler seg etter vêret. Dei må også ha med seg matpakke og noko å drikke.

• Den kulturelle skulesekken dekkjer reisa for skulen. Skulane organiser reisa sjølv, slik det passar best for dykk - anten m/ buss, privatbil eller båt. Skulen tingar transport og ber transportselskapet sende faktura til oss. Dersom skulen ynskjer å nytte privat transport kan skulen sende faktura til DKS for kostnadane med dette. Nokre skular skal besøkje museet samstundes med naboskulen/skulane, det kan då vere praktisk med felles transport.

• Som hovudregel vil programmet på museet starte mellom kl. 09:30 og 10:00, og verte avslutta ein gong mellom kl. 13:00 og 13:30. Oppstart på museet vert tilpassa til når kvar enkelt skule kan vere der, men for at gjennomføring av dagen skal vere god bør elevane vere på museet i om lag tre timar – og gjerne noko lenger der det er mogeleg. Nokre av skulane får ein lang reiseveg til museet, og må utvide skuledagen noko for å gjennomføre museumsdagen. Museet tek direkte kontakt med kvar skule for å avtale detaljane kring frammøte, avreise osv.


Fakturaadresse for transport: Vestland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen. Fakturaen skal sendast i EHF-format. Elektronisk fakturaadresse: 821311632.Fakturaen skal merkast med «DKS Tidskapselen + namn på skulen og ressursnummer 34807».

Lærarrettleiing

Last ned:
Informasjon og program, "Tidskapselen" Nordfjord folkemuseum.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Nordfjord folkemuseum.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Publikumskommentarer