Tilbake
Rakkar
Rakkar

Tippe tippe tue - V21

Eit musikalsk møte med tre av våre fremste unge folkemusikarar

I dette programmet får elevane møte folkemusikarane Malin Alander, Ingrid Stuhaug og Ole Nilssen. Dei byr på ein variert og leiken meny med både gneistrande slåttespel på hardingfele og trekkspel, vakre folketonar, og eit knippe rim og regler som elevane skal få lære seg nokre av. Regien er ved Jeff Pedersen.

Førearbeid

Det er fint om elevane får gjere seg kjende med songen "Tippe Tippe Tue" som ligg vedlagt som pdf og lydfil.  Songen vil bli framført i starten av konserten, og elevane får vere med for fullt seinare i programmet.

Praktisk konsertførebuing

Sceneoppsett: Det er lagt ut ei skisse (pdf) med sceneoppsettet. Utøvarane vil gjerne at de lager ein halvsirkel med diameter 6-7 meter midt på sceneområdet, og eit "mini-amfi" rundt. Det vil seie matter fremst, så benkar og stolar. Utøvarane treng eit bord (pult-storleik), og det må vere eit straumuttak nær sceneområdet. ​​​​​​​

Aldersblanding: På skular med fleire konsertar er det fint med aldersblanding på konsertane. 
​​​​​​​• Ankomst: Musikarane kjem til skulen omlag 45 min. før konserten startar. 
Bærehjelp: Musikarane vil gjerne ha hjelp av 2 elevar til å bere inn litt utstyr når dei kjem.​​​​​​​

God konsert!


Lærarrettleiing

Last ned:

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Produsent: Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, e--post: oyvind.lyslo@sfj.no
  • I samarbeid med: Førdefestivalen
  • Idé/ opplegg: Produksjonen er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, distriktsmusikarane i Gloppen og Sunnfjord og Førdefestivalen.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Malin Victoria Alander er frå Sandane og har halde på med song heile livet. Då ho var rundt 12 år oppdaga ho folkesongen og det førte til at ho tok utdanning ved Norges Musikkhøgskole med Unni Løvlid som lærar. Ho har tidligare gått i lære hos Elin Grytting og Eli Storbekken. Malin jobbar gjerne med prosjekt der folkemusikken møter andre sjangerar, og har sidan hausten 2019 vore tilsett som distriktsmusikar i Gloppen.

Ingrid Schei Stuhaug kjem frå Naustdal. Ho speler hardingfele i Gamlebanken spelemannslag, Team GløsTøs og Ingrid & Co. Ingrid splar mykje runddans og har jobba mykje med slåttar etter Anders Kjerland og Torleiv Bolstad. Ingrid har tidlegare jobba i FolkOrg. Ho har vore tilsett som distriktsmusikarar på hardingfele i Sunnfjord sidan hausten 2019. 

Ole Nilssen  er frå Løten i Hedmark, og har utdanninga si frå Norges musikkhøgskole i Oslo og NTNU i Trondheim. Han spelar både trekkspel og toradar i tillegg til at han er ein dyktig dansar. I tillegg til å vere solist, ensemblemusiker og dansespelemann, arbeider han også som instruktør både i dans og spel. Ole har vunne Folkelarmprisen og FolkOrg sin talentpris INTRO-folk. Han har vore tilsett som distriktsmusikar i Sunnfjord sidan hausten 2019.

Publikumskommentarer