Tilbake

Digitalt tilbod, Les for livet! - V20 og H20

To framtidsmenneske er fanga i romsonden Littera, og berre litteraturen kan redde dei! Les for livet! er ei teaterframsyning som løfter fram aktuell litteratur for barn og unge på nynorsk, og målet er å gje elevane leselyst. Skodespelarane Hanne Mellingen og Ronnie Mega Herdlevær skulle eigentleg ha vore på DKS-turné i Vestland i vår. 

På tampen av skuleåret vart det laga ein digital versjon aom omhandla "Les for livet!". Den kom så seint i skuleåret at ikkje alle hadde høve til å nytte den. Vi har difor fått ny avtale som gjer at videoen blir tilgjengeleg for haustsemesteret 2020.

Dette er ikkje sjølve framsyninga Les for livet!, men ein 15 minutts smakebit som skulane kan nytte. Den er ei god oppmuntring til leselyst for elevane!


Lekje til filmen på Vimeo ligg her.



Informasjon om framsyninga som skulle på turné 


Lærarrettleiing

Last ned:
Følgjebrev med DKS-opplegg

Følgjebrev med informasjon med arbeidsoppgåver og litt informasjon om filmen.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland

Publikumskommentarer