Danseverkstad - H20
To dansarar og ein spelemann på hardingfele let elevane ta del i ei reise i lokale dansetradisjonar frå Hordaland. Dei vil få kjenneskap og eigarskap til rytmar og rørsler i lokal folkedans og folkemusikk. Målet er å utfordra og inspirera elevane. Det vert springar, halling, tretur og songdansar. Fokuset vil vere aktiv deltaking, men elevane vil også få sjå instruktørane dansa. Med utgangspunkt i tradisjonen skal elevane få utfolde seg i ein times danseverkstad.
Lærarrettleiing
Forslag til etterarbeidFekk de lyst til å lære meir om folkedans? Her er nyttige lenkjer:
http://www.folkepedia.no/ eler på Facebook - https://www.facebook.com/folkepedia/
Kanskje de kan hente inspirasjon frå Dansekompaniet Frikar sine sider:
http://www.frikar.com/no/akademi/frikar-kulturskule/
Frikar kombinerar folkedans , klassisk ballett og akrobatikk.
Om utøvarar og produsentar
- Arrangert av: Vestland
- Kunstnarar / grupper: Bergen ungdomslag Ervingen
Publikumskommentarer