Screening - med verkstad - H20
“Screening” betyr å undersøke og å kaste lys på noko.
Videokunstnaren Verena Scholz viser ein eigen installasjon der elevane sjølve blir ein del av eit interaktivt kunstverk.
Elevane får sjå og høyre om screening-installasjon som ein del av samtidskunsten. Dei får teste ut korleis ein kan jobbe med lys, skygge og objekt i eit rom, samt motiv, storleik og avstand. Prosjektet stimulerar til å bruke digitale medium og datateknikk som kreative verktøy og utfordrar elevane til å tenke i fleire dimensjonar samstundes.
Produksjonen består av to delar; visning og verkstad. I verkstaden blir elevane delte inn i grupper og får innføring i teknikk, fotografering, digitale medium og bruk av projektor.
Arbeidet med screening-eksperimenta blir dokumentert og presentert avslutningsvis i ei felles framsyning.
Læreplanmål
Faglege kjerneelement
Naturfag
- Teknologi
Samfunnsfag
- Undring og utforsking
Kunst og handverk
- Kunst- og design-prosessar
- Visuell kommunikasjon
Om utøvarar og produsentar
- Arrangert av: Vestland
- Kunstnarar / grupper: Verena Scholz
- Idé/ opplegg: Verena Scholz. Produsert i samarbeid med DKS Vestfold.
Om kunstnar / utøvar / gruppe
Verena Scholz har studert kunst & media v/Carl von Ossietzky Universität, Oldenburg i Tyskland, og har mellom anna stilt ut eigen kunst ved Høstutstillingen og Østlandsutstillingen. Ho har lang erfaring med DKS og har turnert både med eigne verk og som formidlar for Nasjonalmuseet.
Publikumskommentarer