Tilbake
Bendik Vatne
Bendik Vatne
Elly Prestegård

Papirworkshop - V21

Ein kan lage kunst av noko så enkelt og kvardagsleg som papir.

Det er dette kunstnar Bendik Vatne og forfattar Maria Dahl vil utforske saman med elevane i ein verkstad. Ved hjelp av tradisjonelle teknikkar skal elevane lage plantebasert papir frå botnen av. Med papirmasse i forskjellige fargar skapar elevane sitt eige papir som blir eit kunstverk i seg sjølv. Maria og Bendik har med det utstyret som trengs.


I etterkant av verkstaden kan skulen sette opp ei utstilling med kunstverka som elevane har laga.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Bendik Vatne og Maria Dahl

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Bendik Vatne er utdanna designar frå Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen. Han har hatt ei rekkje verkstader med born, i tillegg til ustillingar og kunstnaropphald. 

Maria Dahl​​​​​​​ er forfattar med variert utdanning innan litteraturfeltet, mellom anna frå Universitetet i Bergen. Ho har gitt ut fleire tekstar, og medverka i utstillingar og formidlingsprosjekt samam med Bendik Vatne.


Publikumskommentarer