Tilbake
Foto: Emma Gunnarsson
Foto: Stine Benaminsen
Foto: Emma Gunnarsson
Foto: Emma Gunnarsson
Foto: Emma Gunnarsson
Foto: Emma Gunnarsson
Foto: Emma Gunnarsson
Foto: Emma Gunnarsson

Havets avtrykk - H20

"Havets avtrykk" handlar om marin plastforsøpling, marinbiologi, fotohistorie og om å bruke kunst til å uttrykke seg.

Biletkunstnar Emma Gunnarsson og marinboiolog Therese Meyer kombinerar kunst og vitskap. Saman fortel dei historia om utviklinga av plastbruk i samfunnet vårt, og korleis plasten påverkar hava våre.

Emma introduserar ein fototeknikk frå 1800-talet for elevane; cyanotypi. Med akvarellpapir, UV-stråling og komposisjon vil elevane lage sine eigne avtrykk av plastforsøplinga. Resultatet blir eit blått bilete som er vakkert å sjå på samstundes som det formidlar ein viktig bodskap. Medan bileta vert framkalla, viser Therese fram skapningar frå havet utanfor Bømlo og avslører deira hemmelegheiter.​​​​​​​

Saman skapar utøvarane rom for ny kunnskap, kreativitet og undring.

Lærarrettleiing

Det er fint om klassene kan sjå nokre av filmane som vert sende ut på førehand. Dei handlar om marin forsøpling, og om korleis vi sjølve kan vere med å påverke det som skjer med naturen.

Læreplanmål

​​​​​​​Overordna del - verdiar og prinsipp for grunnopplæringa

  • Punkt 1.4 Skaparglede, engasjement og utforskartrong
  • Punkt 1.5 Respekt for naturen og miljøbevisstheit
  • Punkt 1.6 Demokrati og medverknad

Kjerneelement henta frå læreplanar i: Naturfag og samfunnsfag

  • Jorda og livet på jorda
  • Energi og materie
  • Berekraftig utvikling

Psssst. Her kjem eit lite tips:
Vi anbefaler at de sjekkar ut ressursbasen til Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa. Her kan de finne alt frå undervisningsopplegg til forskingsartiklar knytt til mellom anna musikk, kunst og handverksfag. Best av alt, det er gratis! kunstkultursenteret.no/

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Produsent: Emma Gunnarsson & Therese Meyer

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Emma Gunnarsson er profesjonell biletkunstnar og er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen og Det Kongelige Danske Kunstakademi i København. Fotokunst, miljø og søppelkunst er tema som opptek Emma.

Therese Meyer er utdanna marinbiolog frå Universitetet i Tromsø og NTNU. Ho er opptatt av miljø, kan mykje om marin forsøpling og meiner havets skapningar er uendeleg spennande.​​​​​​​

Publikumskommentarer