Tilbake
"Snurrig" av Stefan Christiansen. Foto: Øystein Klakegg
Petra Rahm Foto: Cecile Almberg Størkson
Sara Kollstrøm Heilevang Foto: Jannica Luoto

Gjenoppdag! - V21

På mange skular er det kunstverk som ein ser kvar dag, men som ein berre går forbi.

Offentlege kunstprosjekt og utsmykningar blir ofte til i samband med etablering av nye offentlege bygg, eller i samband med byutviklingsprosjekt. Kunsten i desse bygga og områda er viktige for korleis ein opplever stadene, men blir ofte overlatt til seg sjølv etter at bygget eller området er tatt i bruk. Gjennom dette formidlingsopplegget vil kunstverka bli aktualisert på ny, og elevane får reflektere over kunsten de har rundt seg. 

Sjølve formidlingsopplegget er todelt:

  • Del 1: Presentasjon og samtale med elevane med utgangspunkt i kunsten på skulen eller i nærområdet.
  • Del 2: Praktisk del/verkstad der elevane får ein ny og djupare inngang til kunsten eller nærområdet.  

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Idé/ opplegg: Hordaland Kunstsenter

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Formidlar Petra Rahm er utdanna biletkunstnar ved Kunsthøgskulen i Bergen, og har studert kunsthistorie ved Stockholms universitet. Rahm er tilsett på Hordaland kunstsenter der ho har ansvar for fagområdet Kunst i offentlege rom.

Formidlar Sara Kollstrøm Heilevang har ein mastergrad i kunst frå Fakultetet for Kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen, der ho no studerer PPU. Ho skriv for fagbladet Billedkunst ved sidan av andre frilans oppdrag tilknytta kunstfeltet.

Hordaland kunstsenter er eit kunstnarstyrt kunstsenter som ligg på Klosteret i Bergen. Arbeid knyttt til kunst i offentleg rom er blant kjærneoppgåvene til kunstsenteret, der dei samarbeider med både offentlege og private aktørar. Det er dette arbeidet som er utgangspunkt for prosjektet "Gjenoppdag". 


Publikumskommentarer