Tilbake
Heidi Bjørgan: Objekt 9713b
Elin Aasheim: Zombies
foto: Anne-Brit Soma Reienes

Se med hendene - V21

Kan hendene våre hjelpe oss med å sjå?

I utstillinga "Se med hendene" blir elevane kjend med keramiske arbeid av ni ulike kunstnarar gjennom å sjå og høyre, og modellere i leire.

Leire er eit materiale vi har brukt i uminnelege tider. Leira er i utgangspunktet mjuk og formeleg, men blir steinhard dersom den vert brent ved høg temperatur. Brent leire blir til keramikk som kan nyttast både som bruksgjenstand i kvardagen og som kunstneriske uttrykk.

I ein verkstadsdel vil elevane bruke modellering som ei sanseleg tilnærming til formane og figurane i utstillinga. Dei får kvar sin klump med leire som dei skal forme med hendene. Leirklumpen er eit skisseverktøy, og skal ikkje ende i eit eiendeleg resultat. Lærarane vert oppmoda til å delta på lik linje med elevane. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Idé/ opplegg: Nasjonalmuséet, Norske kunsthåndverkere og Turnéorganisasjonen i samarbeid.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Vi får sjå arbeid av Sofie Nørsteng, Irene Nordli, Jim Darbu, John Skognes, Kristin Opem, Guri Sandvik, Lillian Tørlen, Mette Strøm, Heidi Bjørgan og Elin Aasheim.

Publikumskommentarer