Tilbake
Foto: Privat

Science fiction og kunsten å seie "tenk om" H20

Møte med forfattaren Bjørn Vatne - føredrag om forfattarskapen og scence fiction sjangeren før og no.

Både i film, tv og litteratur opplever vi aukande interesse for sjangeren science fiction – ikkje berre som underhaldning, men òg  som eit  seriøst og djuptborande kulturuttrykk.
Ein kan spørje seg kvifor det skjer no? Kva moglegheiter gir sjangeren til å tenkje om og diskutere vår eiga samtid? Forfattaren fortel om korleis romanen og science-fictionboka Nullingen av Paul Abel blei til, som handlar om kappløpert for å lage eigen tenologi for å erobre hjernen vår..
Ein kan ikkje leggje skjul på at denne sjangeren i litterære kretsar har eit (ufortent) B-stempel og forfattaren forklarer korleis han likevel etter kvart vågar stå fram med si særlege interresse for denne sjangeren. 

Vatne kjem inn på kva science fiction er, og kva sjangeren freistar gjere. Han syner til kjende og mindre kjende døme på korleis forfattarar har klart å føreseie delar av framtida og korleis tidlegare tider sin science fiction framleis er aktuelle i dag. 
Science fiction har heile tida følgt med teknologiutviklinga, og blir særs aktuell i dag når utviklinga går fortare enn nokon gong. Sjangeren har flytta seg frå verdsrommet og ned i den private sfæren, til mobiltelefonar og implantat, og når difor eit stadig breiare publikum.

Bjørn Vatle sin eigen roman vaks fram frå eiga teknologi- og klimaangst, og vi får høyre korleis han blei innhemta av røyndomen berre eitt år etter lanseringa...

Turnéperiode: Medio november, truleg veke 46 og 47.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Bjørn Vatne

Publikumskommentarer