Tilbake
Foto: Arja Wiik-Hansen
Foto: Arja Wiik-Hansen

Å fange følelser V21

Å fange følelser er ein verkstad i to delar.
I første del blir elevane presenterte for ulike fotografi der dei i lag med formidlar ser på symbolbruk som fargar og objekt. I andre del får elevane sjølve lage eit fotografi, og så blir økta avslutta med ein samtale der elevane kan tolke bileta til kvarandre.

Produksjonen passar godt for målgruppe tilrettelagt undervising.


Formidlar startar med å samtale med elevane om ulike bilete; kva legg dei merke til, korleis er symbola brukte, og korleis kan ein visuelt uttrykke noko ein brenn for. Det å reflektere rundt symbol og symbolbruk, er svært viktig i dette arbeidet. Målet er mellom anna å skape forståing kring korleis vi tek vare på personlege minne og kjensler – i eit fotografi eller på Instagram. 

I del to skal elevane sjølve lage eit fotografi med eit pinhole-kamera som er det eldste kamera vi kjenner til (frå midten av 1800-tallet). Elevane avgjer sjølve kva dei vil fotografere, og dei vil få sjå heile prosessen frå eigen idé til ferdig produkt. Prosessen er analog, og dei får framkalle foto i eit mørkerom. 

I den avsluttande samtalen vil formidlar i lag med elevane drøfte transaksjonen frå eit tredimensjonalt objekt til et todimensjonalt foto.

Turnéperiode: ​​​​​​​Veke 15 og 16 2021.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Publikumskommentarer