Øy - Carte Blanche H20
Danseframsyninga "Øy" er jakta på dei alternative forteljingane om underdogen. Den stille dagdrivaren. Dei vi enno ikkje veit noko om.
"Øy"er inspirert av historier om isolasjon, vandalisme og aude, lukka rom.
På scena, i ein hybrid mellom ein spa-resort og ei fantasyslagmark leitar framsyninga etter moglegheit til å reise bort. Langt bort, eller kan hende djupt innover. Saman med sju dansarar blir publikum inviterte med på eit fluktforsøk frå eit altoppslukande tomrom.
Koreograf Ole Martin Meland sitt arbeid er direkte og upolert. På scena har han med seg den eksperimentelle pop-duoen Smerz som skapar eit styggvakkert lydbilete inspirert av horror og romanse.
Framsyning og samtale på scenekanten:
Elevane får fyrst sjå framsyninga (ca. 40 minutt).
Etter framsyninga blir det ei samtale, leia av ein moderator, der dansarane fortel om prosessen og korleis framsyninga er sett saman av dei ulike element som rørsler, lyd, lys og scenografi (ca. 20 minutt).
Speleperiode: 14. og 15. oktober.
Om utøvarar og produsentar
- Arrangert av: Vestland
Om kunstnar / utøvar / gruppe
Koreograf: Ole Martin Meland
Dansarar:
Aslak Aune Nygård, Guro Rimeslåtten, Mathias Stoltenberg, Sebastian Biong, Timothy Bartlett, Karen Lynne Bjerknesli, Ole Martin Meland
Musikk:
Smerz : Catharina Stoltenberg (Data, CDJs og vokal), Henriette Motzfeldt (Data, CDJs, vokal og fiolin)
Les meir om Carte Blanche på deira heimeside
Les meir om Smerz på deira heimeside
Publikumskommentarer