Tilbake
Johs Bøe

PUST! - seks stemmer V21

Vokalkonsert! - Eit profesjonelt, inspirerande musikalsk pust i skuledagen!

Pust er ein vokalsekstett som har etablert seg mellom dei leiande vokalgruppene i Noreg. Dei har òg fått lovord og vunne prisar i utlandet.

Pust er seks inspirerte og leikne songarar som ønskjer å røra, engasjera og overraska publikummet sitt.

Ein konsert med Pust byr på eit nært og uføreseieleg møte med menneskerøysta, og viser kva for ein ressurs røysta vår kan vera.

Pust skriv eigne komposisjonar og lagar heilstøypte og improviserte arrangement over kjende viser og coverlåtar - inspirert av jazz, etnisk musikk og folkemusikk – noko denne konserten vil gje fleir velklingande døme på.

Pust har det morosamt når dei syng, noko ein både kan sjå og høyra!

Sagt om Pust:
- «Proft og spennende program som framstår som en sterk helhet. Det oser formidlingsglede av dette programmet. Utøverne framstår som tydelige individer som danner et naturlig ensemble og har god kontakt med publikum.»
- «Høy kvalitet på det musikalske, det kommunikative og det formidlingsmessige»

- «Fremragende evner både individuelt og kollektivt. Ensemblefølelsen er godt utviklet.»

- «Gjennomført program på alle plan." (Rikskonsertane sitt programråd).

Konserten eignar seg best for eit stort publikum, så ta gjerne med heile skulen, fyll opp spelestaden!

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland

Om kunstnar / utøvar / gruppe

PUST består av seks songarar og ein lydmann:
Camilla Susann Haug (sopran
Anne Hilde Grøv (sopran)
Elisabeth Anvik (alt)
Jostein Hasselgård (tenor)
Håvard Gravdal (baryton)
Mads Iversen (bass)

Håvard Hiller (lydmann)

Les meir om PUST på deira heimeside.

Publikumskommentarer