Tilbake
Foto: Tommy Ellingsen
Foto: Einar Are Schønning

I dag sa eg ingenting H20

Korte og tragikomiske historier skriven av den russiske forfattaren Daniil Kharms vert formidla gjennom ord og tonar av forteljar Marianne Stenerud og songar/låtskrivar Dag Vagle i ein mørk,  absurd og  humoristisk forteljarkonsert.

Daniil Kharms (1905 - 1942) ville lage ein litteratur så sterk at han fikk vindusglas til å knuse.

Livet hans er like dramatisk og absurd som hans eksentriske kunst. På grunn av sine merkelege tekster blei han sett på som antisovjetisk og farleg for samfunnet. Han blei eitt av dei utallige ofra i Stalin-tida, og han døydde av svelt i fengsel, på ei psykiatrisk avdeling. Først i 1960-åra blei hans verk tilgjengeleg for eit litt større publikum, og på 80-talet vart tekster omsette til engelsk. 

Med Marianne si erfarne forteljarstemme og Dag sine innovative komposisjonar blir Kharms sitt liv og virke vove saman .

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Marianne Stenerud og Dag Vagle

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Marianne Stenerud er ein røynd og kreativ forteljar som dei siste 12 åra har skapt mange framsyningar og prosjekt for barn, ungdom og vaksne. Ho har fleire samarbeidsprosjekt støtta av m.a. Norsk kulturråd og Nasjonalbiblioteket., og ho inviterer ofte kunstnarar innafor andre uttrykk til samarbeid.

Dag Vagle er ein musikar frå Stavanger som spelar ei rekkje ulike instrument, hovudsakleg strengeinstrument. Han er mest kjend som vokalist, gitarist og låtskrivar i rockebandet Helldorado. Men har dei seinare åra òg vore særs aktiv med Randi Tytingvåg Trio, Wunderkammer, Tres Cojones og Janove. Han jobber òg saman med Rita Eriksen.


Publikumskommentarer