Tilbake
Yvonne Thomassen
Yvonne Thomassen
Yvonne Thomassen

Familiebildet H20

Filmframsyning og møte med filmaskaparen Yvonne Thomassen.

I denne produksjonen innleier filmskapar Yvonne Thomassen kort om skilnaden på dokumentar- og fiksjonsfilm, og syner sin dokumentarfilm "Familiebildet".

Om handlinga i filmen: Då Thomassen si bestemor ar 26 år opplevde ho noko som sette djupe spor for resten av hennar liv. Heile Finnmark blei sett i brann og på det næraste utsletta. Saman med mannen og deira tre bornmåtte dei flykte - eller bli att og døy. I tre veker var dei på flukt i ein lirten sjark.Å halde familien samla var det viktigaste for bestemor, men i dag er det ikkje alle som har kontakt lengre.

Thomassen vil difor prøve å samle familien for å ta eit siste familiebilete - og for å finneut kvifor ting blei som dei blei. Då dukkar det opp noko som ho slett ikkje visste om familien og seg sjølve. Dei er av samisk slekt, og det er det ingen som vil snakke om. Det er faktisk framleis skamfullt.

Etter filmvisning ynsker Yvonne Thomassen å få klassen med på ei samtale om dei ulike tema som filmen tar opp -  kva skjedde i Finnmark 1944, Flyktningar i dag, Samisk historie og fornorsking sett opp mot Norge i dag, Korleis det var å lage ein så personleg film

Turnéperiode: ​​​​​​​Veke 43; 19. - 23. oktober.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Yvonne Thomassen

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Yvonne Thomassen (f. 1977) er utdanna journalist, og innan regi og tv-produksjon. Ho arbeider som filmskapar innan dokumentar- og fiksjon. Filmen Familiebildet er ein prisbelønt dokumentar som har vore vist på ei rekkej innan- og utenlandsfestivalar, NRK og kino. Tilsaman har Thomassen halde rundt 450 føredrag om Familiebildet.

Publikumskommentarer