Tilbake
Foto: Kai Svellingen Flatekvål/Bergensavisen

Frå sanning til oppdikta - frå journalistikk til litteratur H20

Korleis nærme seg sanninga ved å dikte? Kor mykje kan eigentleg ein journalist fortelje når han kjenner sanninga, men ikkje har bevis? 

Etter å ha vore journalist i mange, mange år, gjekk Finn Bjørn Tønder over i dei skjønnlitterære forfattarane sine rekkjer. Men, han tok på mange måtar med seg journalistikken. Ved hjelp av skjønnlitterære verkemiddel kunne han endeleg få fortalt det han visste måtte vere sanninga, men ikkje kunne føre bevis for som journalist.

Gjennom si tid som journalist i Bergen har Tønder har tatt opp tema innan kultur og kriminalitet. Stundom var sakene av ein slik karakter, at det var umogeleg å få dei skikkeleg belyste gjennom tradisjonell journalistikk. Ved skjønnlitterære grep kunne han avklara mysteria og problemstillingane, og kanskje kunne han fortelje kva som faktisk skjedde. Tønder tar elevane med inn i historiene frå verkelegheita og avslører korleis han fekk løyst dei gjennom fiksjon. Eksempla hentar han frå sine eigne romanar, og elevane får ei reise i tid og sanning.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Etter eit langt liv som journalist blei Finn Bjørn Tønder skjønnlitterær forfattar i 2015. Han har gitt ut tre romanar -  "Sistesoldater", "Fanebæreren" (for barn og ungdom) og "Utide".

Publikumskommentarer