Skildring: Eit samansett bilete i glas V21
Speglingar, refleksjonar, gjennomsikt og illusjonar.
Eit spennande verkstadbesøk og møte med glas, glasverkstaden, kunst og ikkje minst – kunstnaren i deg sjølve!
Skuleklassar blir inviterte til S12 Galleri og Verksted i Bergen på verkstadsbesøk:
Her pirrar vi sansane, vekkar undring, forvitenskap og assosiasjonar rundt materialet glas. Hos oss skal elevane jobba med ein kreativ prosess og nytta glas i ulike fargar og fasongar til å skildra ei stemning i eit bilete. Vi nyttar teknikken Fusing, som vil seia å smelta saman glasbitar til ei heil flate.
Verkstaden blir tilrettelagt som ei sanselig og skapande oppleving i vårt prosjektrom på Bontelabo 2 i Bergen. Elevane vil få innblikk i fleire ulike glasformingsprosessar gjennom demonstrasjonar i varmt og kaldt glas, forutan å gå i djupna på teknikken fusing som dei skal jobba i. Vi gir dei ein smakebit på biletanalyse gjennom eit kunsthistorisk skråblikk. Vi brukar døme frå kunsthistoria og ser dei i samanheng med teikneøvingar som elevane har gjort som inngang til det kreative og skapande arbeidet. Arbeidsprosessen har som mål å framkalla kreativitet og fantasi gjennom sansselegheit og nærkontakt med glas. Resultatet blir eit bilete i glas.
Stikkord til førearbeid: Fargelære, Komposisjon, Assosiasjoner, Kreativ prosess
Etterarbeid:
Bilda blir brunne i ein av omnane i S12 over natta og sendt skulane i ettertid. I tillegg fotograferer S12 alle bileta og gjer dei digitalt tilgjengelege.
Elevane og skulen blir oppmoda om å setje opp ei utstilling av arbeida, anten digitalt eller at dei lagar ei fysisk utstilling i eit design som fungerer for den eiskilde skulen.
Det er utarbeidd ein utstillarguide som gir råd og tips til å lage ei utstilling med glas. Guiden finn de i lenkje under vedlegg til høgre.
Verkstadperiode: Veke 3, 4, 5, 6 og 7 2021.
Om utøvarar og produsentar
- Arrangert av: Vestland
Om kunstnar / utøvar / gruppe
S12 Galleri og verkstad er eit kompetansesenter for glas som blei etablert i Bergen i 2007. S12 er senter for utforsking, eksperimentering og formidling av glaskunst i Noreg. Verksemda fokuserer på formidling av glaskunst gjennom utstillingar, kurs og gjestekunstnarordning. Les meir på deira heimeside.
Publikumskommentarer