Stjerneteller - V21
Stjerneteller er namnet på Christine Sandtorv sin musikkserie for born. Bergensmusikaren Sandtorv har fått Spellemannpris i klassa ”Beste barneplate” for to av platene i serien, og saman med det faste bandet sitt har ho spelt Stjerneteller-konsertar for born og familiar på festivalar og konsertscener rundt om i landet. Musikken og konserten er stemningsfull, utforskande, lærerik og involverande. Her blir det dans og moro, leik og alvor, og poplåtar av ypparste klasse – laga heilt spesielt for og til born.
Vi ønskjer at elevane lærer seg desse songane: Blåse på, Kaos og Stjerneteller. Tekster og besifring ligg vedlagde her. Sjå musikkvideo til Kaos til songen under "Lenker", og lytt til songane Blåse på og Stjerneteller under "Vedlegg".
Lærarrettleiing
Valfrie oppgåverChristine Sandtorv har sjølv teikna alle illustrasjonane. Ho har gitt Hordaland fylkeskommune lov til å dele dei med elevane. Print dei gjerne ut, slik at dei som ønskjer kan nytta dei til fargelegging. De finn dei under "Vedlegg" - Fargeleggingsoppgåver.
Til melodien Pappa danser disko utfordrar vi gutar frå 5. til 7. klasse til å lage sin eigen diskodans. Kan hende får dei tips og idear ved å sjå på musikkvideoen til melodien. Ta kontakt med musikarane når dei kjem til skulen, dersom de har ei diskogruppe som ønskjer å framføre dansen under konserten.
Om utøvarar og produsentar
- Arrangert av: Vestland
- Kunstnarar / grupper: Chrstine Sandtorv, Iver Sandøy, Inge Joakim Rypdal, Yngve Sætre
- Idé/ opplegg: Produksjonen er tilrettelagt for skulekonsertar av Christine Sandtorv.
Publikumskommentarer