Tilbake
Forlaget
Marit Brunstad

Ett ord – bilder i kampen mot særskrivingsfeil

Foredraget «Ett ord – bilder i kampen mot særskrivingsfeil» er ein norsktime og på same tid eit fagleg og humoristisk foredrag. Temaet kan verke kjedeleg, men komikar og forfattar André Ulveseter presenterer det på ein morosam og lærerik måte.

Facebook-sida til Ulveseter, «Bilder i kampen mot særskrivingsfeil», fekk i løpet av fem dagar 100.000 følgarar. Eit halvt år etter lanseringa av sida kom det også ut bok om prosjektet.

Norsklærarar rundt om i landet brukar bilda i klasseromma, og Språkrådet har hylla Ulveseter sine bilde og hans humoristiske vinkling for å drive språkrøkt. I foredraget fortel Ulveseter om «eksplosjonen» kampanjen fekk i sosiale media. Han vil snakke om kvifor han tok for seg akkurat særskriving, og skilnadene mellom orddeling og særskriving. Han vil fortelje om fordelar med god kommunikasjon og rettskriving, og kjem med døme og enkle tips. Dette kan bli ein norsktime som er både inspirerande og underhaldande.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: André Ulveseter

Om kunstnar / utøvar / gruppe

André Ulveseter er fødd og oppvaksen i Bergen. No er han busett i Ålesund der han mellom anna er pådrivar for Standup Ålesund. Han starta med standup allereie i 1997 og har sidan den gong reist land og strand rundt for å underhalde, åleine og saman med kjente komikarar. André har òg vore kommunikasjonsrådgjevar i Kystverket sidan januar 2011.

Publikumskommentarer