Tilbake
Theo Sikkes
Trond W. Andersen

Et annerledes forfatterbesøk

«Heksagon» er ein teaterproduksjon basert på fem leseløvebøker utgitt på CappelenDamm. Forfattaren av bøkene, Christin Grilstad Prøis, spelar sjølv i framsyninga og har med seg musikar Pål Prøis. Dette er tradisjonelt teater bygd på ei god historie, med mange innslag av song og musikk.

Heksagonuniverset er både alvorleg og morosamt, og tek opp problem og tema som er kjende for målgruppa. Heksagon er ei musikalsk framsyning om ei klønete heks og den einaste venen hennar, klovnen Boboz. Desse to bur i ein skog som ligg i ein dal, i eit land bortanfor alle blånar.

Før framsyninga introduserer forfattaren Heksagon-universet ved hjelp av bøkene og fortel kort om det å vere forfattar. Målet med framsyninga er å gi elevene lyst til å lese videre på eiga hand. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Christin Grilstad Prøis og Pål Prøis

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Christin Grilstad Prøis har skrive seks barnebøker og 56 serieromanar for vaksne. Ho er utdanna lærar, og har de siste 20 åra jobba frilans innan tekst, musikk og teater. Ho har også arbeidd som tekstforfattar innan tv og radio.

Pål Prøis er musikar og saman med Christin Prøis har han turnert med Heksagon- og piratforestillingar i 15 år. Prøis er musikar i ulike besetningar og driv lydstudio der dei bl.a produserer lydbøker for Storytel.

Publikumskommentarer