Tilbake

Noriaki

Noriaki er ei meditativ kunstoppleving  -  ein japansk-inspirert te-seremoni, ein konsert og ei diktopplesning, alt i eitt. Karin Augusta Nogva lagar og serverer te, Endre Ruset les eigne modernistiske Haiku-dikt og Stian Omenås bind alt saman i lydlandskapet sitt.

Dei tre utøvarane møttest som trio i 2014, og har sidan hatt ei rekkje framsyningar rundt den felles lidenskapen; Japan og meditasjon. Noriaki skal vere eit pusterom for elevane. Dei set seg ned, lyttar, ser og luktar,  - og blir med på ei reise der tida står stille. Teen er laga av naturprodukt som blåbærlyng og krekling, handplukka i norske skogar og fjell.

Noriaki-tittelen er henta frå namnet til den legendariske japanske skihopparen, Noriaki Kasai. Kvart dikt i boka inneheld Noriaki-namnet, og er slik sett ein hyllest til skihopparen.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Karin Augusta Nogva, Endre Ruset og Stian Omenås

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Karin Augusta Nogva er kunstnar utdanna ved Kunstakademiet og Kunsthøgskolen i Bergen og Edinburgh College of Art. Ho har studert japansk te-tradisjon med Tea Master i Japan. 

Endre Ruset er forfattar og skribent, utdanna ved Skrivekursakademiet i Hordaland. Han har vore kunstnerisk rådgivar for fleire festivalar og  gitt ut fleire bøker, bl.a Haiku-samlinga ”Noriaki” (Flamme forlag 2017).

Stian Omenås er musikar, komponist og dirigent, utdanna ved Jazzlinja, NTNU i Trondheim og NMH i Oslo. Han har gitt ut ei rekkje plater og turnert verda rundt som frilans-musikar. Omenås er tildelt fleire prisar.

www.karinnogva.no, www.stianomenaas.com

Publikumskommentarer