Den norske slavehandelen - V21
Sanne historier om nordmenn si deltaking i den transatlantiske slavehandelen, med utgangspunkt i arbeidet med sakprosaboka Den norske slavehandelen (2018).
Med utgangspunkt i boka Den norske slavehandelen vil forfattaren Ander Totland fortelje om ei mørk og lite kjend side av norsk historie. Slavehandel var ikkje berre slikt dei dreiv med i USA. Også nordmenn deltok, både på skipa, på slaveforta i Afrika og i koloniane på andre sida av havet. Dei jobba som matrosar og styrmenn, guvernørar og dommarar, medan fleire hundre tusen afrikanarar blei frakta over havet med dansk-norske skip. Dette er ei historie om sjukdom og død, opprør og straff. Men òg om ei ny verd med nye sjansar for den som visste å spela korta sine rett.
Om utøvarar og produsentar
- Arrangert av: Vestland
- Kunstnarar / grupper: Anders Totland
Om kunstnar / utøvar / gruppe
Anders Totland er utdanna kokk og samfunnsvitar, og debuterte hausten 2015 som forfattar med barneboka "Vampyrane i eplehagen". Dei siste åra har han gjeve ut ei rekke bøker i ulike sjangrar, og våren 2020 kom den tiande boka, ei sakprosabok for barn og unge om spedalske i Noreg.
Publikumskommentarer