Tilbake
Moment Studio
Cappelen Damm

De døde ser deg - i overvåkningens tid

Ungdomsromanen De døde ser deg (Cappelen Damm, 2017) er ein futuristisk, overnaturleg thriller som handlar om overvaking i den digitale kvardagen. Forfattaren Alexander Løken vil lese frå boka og fortelje om korleis han arbeider, om inspirasjonskjelder og om prosessen rundt det å skrive bøker.

Overvaking er eit aktuelt tema, ikkje minst for dei som veks opp i dag. Med utgangspunkt i boka De døde ser deg vil forfattaren drøfte dette temaet og gje historiske døme. Han vil mellom anna kome inn på gjenkjennelege døme frå ungdomane sin kvardag som t.d. internett og  sosiale media. Forfatteren ønskjer at elevane skal bli bevisste si eiga samtid, og kva innverknad overvaking kan ha på samfunnet i dag. Såleis kan ungdomane bli inspirerte til å sjå på verda og det som skjer rundt dei med kritiske blikk.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Alexander Løken

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Alexander Løken har omfattande turnéverksemd i DKS bak seg. Han er forfattar, illustratør og teikneserieskapar og er utdanna Art Director. Løken debuterte som barnebokforfattar i 2014 med Trollskallen og har sidan skrive fleire bøker for barn. Han fekk Bokslukerprisen 2015.

I 2017 kom Løken sin første roman for ungdom, De døde ser deg, ein futuristisk thriller som kombinerer overvakningssamfunnet med det okkulte.

Publikumskommentarer