Tilbake
Trym Sibeko

Rasismens poetikk - forfatterbesøk - V21

Rasismens Poetikk er både ei framsyning i SLAM!poesi og ein samtale. Elevane får møte Guro Sibeko som har skrive boka Rasismens Poetikk (2019).

Med utgangspunkt i boka Rasismens Poetikk vil forfattaren samtale med elevane om rasisme og korleis vi kan kjempe mot rasisme med utgangspunkt i SLAM!dikt. Forfattaren vil mellom anna kome inn på utanforskap,  kvardagsrasisme og rasismens historie. Utvalet av dikt og tema vil bli tilpassa elevar og alderssteg.

Det er utarbeidd eit opplegg for kreativ skriving som kan brukast i klassane etter møtet med forfattaren. Opplegget kan gi elevane støtte i å utforske eigen identitet og inspirere til å fortelje historier i form av poesi.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Guro Sibeko

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Guro Sibeko har skrive skjønnlitteratur og sakprosa for både barn og vaksne, og er ein av Noregs mest erfarne SLAM!poetar. Ho organiserer SLAM!poesi-konkurranser og oppvisningar, og har hatt oppdrag for Amnesty, FN-sambandet og Røde Kors. Sibeko er utdanna lektor i nordisk og har arbeidd aktivt mot rasisme i 30 år, både gjennom ulike organisasjonar og som samfunnsdebattant.

Publikumskommentarer