Tilbake
André Soltvedt

Glimt - V21

I 1940 blei Noreg okkupert av Tyskland, og i løpet av krigen hadde mange norske jenter ein tysk kjærast. Boka Glimt fortel om éi av desse jentene. Boka er også ein spennande grøssar som handlar om korleis grusomme hendingar kan setje djupe spor. Forfattaren vil lese frå boka og fortelje om bakgrunnen.

I boka Glimt blir lesaren kjend med to ungdomar, Jon og Solveig, som begge bur på Grovøy. Dei to har mykje felles, men veks opp i heilt ulike tidsperiodar, Solveig under krigen, Jon i notida. Solveig blir tvinga til å vere tenestejente hos ein tysk kommandant og misser gradvis kontakten med venene sine. I det gamle ungdomshuset på øya blir Jon etter kvart blir kjend med framtidige klassekameratar, men i dette huset skjer det også noko mystisk og uforklarleg. Ungdomane blir redde.

Fortattaren vil kome inn på at tyske soldatar ikkje berre var blodtørstige nazistar, men at dei også kunne ha gode menneskeleg sider. Han vil også ta for seg korleis jenter som sympatiserte med tyskarane blei behandla etter krigen, og kor vanskeleg det er for Solveig å vite kva som er rett og gale. Desse tankane finn vi òg igjen i Jon si historie.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Tor Arve Røssland

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Tor Arve Røssland debuterte som forfattar i 1999, har skrive sektsten barne- og ungdomsbøker (minst). Han har formidla mykje i DKS sidan 2010 i mange av landets fylker og er framleis aktiv.  Forfattaren held også skrivekurs.

Publikumskommentarer