Tilbake

Bare spille ball - foredrag

I romanane Bare spille ball (2018) og Alene gjennom (2020) står den 16 år gamle hovedpersonen Fredrik framfor nokre tøffe val. Med utgangspunkt i livet hans formidlar forfattaren kor viktig det er å utvikle eit språk til å forstå verda rundt oss.

Romanen Bare spille ball handlar om å elske fotball utan å vere budd på dei harde realitetane, om å vinne utan å misse seg sjølv. Hovudpersonen Fredrik står framfor sin viktigaste kamp, men dei siste dagane før finalen forandrar alt seg.

Alene gjennom er ein actionfylt ungdomsroman om fotball, prestasjonsangst, draumar, tvil og håp. Fredrik er storspelar på Mjøndalen og det svirrar rykte om større klubbar og feite kontraktar. Men idet draumen om å bli utanlandsproff går i oppfylling, merkar Fredrik at det er noko som ikkje stemmer.

Forfattaren, Michael Stilson, vil halde eit foredrag med utgangspunkt i dei to romanane. Elevane får vere med når ein ungdom skal bygge eiga sjølvkjensle og oppdagar at språket er eit verktøy til å forstå verda betre. Bøkene handlar også om einsemd, ambisjonar og glede i møte med alle dei som ønskjer å påverke deg.

Foredraget kan knytast til tverrfaglege tema i fagfornyinga, spesielt folkehelse og livsmeistring, men også demokrati og medborgarskap. Det viser også korleis litteratur kan vere inngang til betre å forstå eigne liv.

Etter foredraget blir det opna for spørsmål og samtale.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Michael Stilson

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Michael Stilson (f. 1987) frå Trondheim er tidlegare profesjonell fotballspelar og utdanna lærar. Han har jobba for NRK med bl.a dramaserien Heimebane og minidokumentaren Stilson på benken. For Bare spille ball vart Stilson tildelt Uprisen 2019.

Publikumskommentarer