Tilbake

S.O.S. Blomstereng - H20 og V21

Ingvild Haga vil lese høgt frå boka om humlene Hilda og Hanne. Illustrasjonar blir samtidig viste i stort format med lydkulissar i bakgrunnen. Barna får lære om gammeldagse blomsterenger, dei får innblikk i kva for artar som er knytte til desse engene, mellom andre dei mange humleartene.

S.O.S. Blomstereng er ei bildebok av Jurgen Wegter, illustrert av Ingvild Haga. Boka kan vere eit godt utgangspunkt for samtale med barna om artsrike blomsterenger. Her lever eit mylder av insekt og blomster i perfekt symbiose, og barna får innsikt i sårbar og trua natur.

Ingvild Haga vil samtale med barna som får bidra med kunnskap, undring og spørsmål. Elevane får sjå eit ekte humlebol, og studere dei 35 ulike humleartene i Noreg. Til slutt diskuterer dei korleis vi kan ta vare på blomsterenger og hjelpe insekta.

S.O.S. Blomstereng er et formidlingstiltak for barn og unge utgitt med støtte fra Miljødirektoratet i juli 2017. Slåttemarkene er ei trua naturtype, og direktoratet har utarbeidd ein eigen handlingsplan for dei få markene som er igjen. Ved sida av klimaendringane er tap av biologisk mangfald ei av dei største utfordringane i verda.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Ingvild Haga

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Ingvild Haga har illustrert boka, er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen og har i mange år jobba som lærar. I tillegg har ho arbeidd med film og illustrasjonar.

Jurgen Wegter er forfattar med utdanning innan agronomi, arkeologi og hagebruk. Han registrerer kvart år dagsommarfuglar og humler for Miljødirektoratets overvakingsprogram «Natur Indeks for Norge». Han er også «Humlevandringsinstruktør» for LaHumlaSuse.

Publikumskommentarer