Tilbake
Nicole Brody
Nicole Brody
Nicole Brody

Ei reise til steinalderen - H20

Dette tilbodet tek utgangspunkt i ei utstyrspakke, den såkalla "steinalderkofferten", som inneheld mykje av det utstyret steinaldermenneska trong i sitt daglege liv. Her er piler med autentiske steinspissar og velfungerande steinøkser, harpunar, fiskekrokar og synåler av bein.

Elevane får prøve å hogge skarpe reiskapar av flint, slik dei gjorde i steinalderen, og dei får sjå og lage fiskekrokar og andre reiskapar av bein, fiskesøkke av kleberstein, mm.  Dei får også prøve seg på å skyte med pil og boge.

Det er naudsynt at lærarane deltek aktivt, og at elevane er kledde etter været.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Morten Kutschera

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Morten Kutschera er flintsmed og utøver av eksperimentell arkeologi med vekt på steinalder. Han har lang fartstid innan aktivitetsbasert undervisning, jobbar i inn- og utland, og samarbeider med ei rekkje universitet og museer.

Publikumskommentarer