Tilbake

Farfars bombekrater - H20

"Fortel for meg, då farfar! Fortel om krigen! Om bomba som fall gjennom huset, om soldatane, og om den gongen du nesten vart arrestert!"

I denne teaterframsyninga får elevane oppleve dramatiske, triste og morosame historier om livet i ein familie på Voss under andre verdskrig. Korleis var det å måtte ete lungemos og blodpudding til middag, gå rundt i sko laga av fiskeskinn og stadig måtte søke dekning på grunn av flyalarm?

Det var dramatisk då den vesle bygda Voss vart bomba i aprildagane  1940. Doktorhuset vart treft, og denne historia dannar ramma for Farfars bombekrater. Forfattar og skodespelar Adele Lærum Duus gir liv til historiene som farfar hennar fortalde då ho var lita.

Krig er eit vanskeleg tema å formidle for barn, men dessverre svært aktuelt i våre dagar. Gjennom forteljing, dramatisering, bilete og musikk gir Farfars bombekrater eit nært og konkret bilde av korleis krig kan påverke ein familie. Framsyninga viser og korleis ein trass svært vanskelege kår, kan halde fast ved håp, humor, medkjensle og motstandskraft.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Adele Lærum Duus

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Adele Lærum Duus er skodespelar, figurspelar, forfattar og litteraturformidlar frå Bergen. Ho driv sitt eige teater- og litteraturformidlingsfirma: «Lys levende Adele», der ho særleg har barn som målgruppe. Biletboka «Farfars bombekrater» er illustrert av Elisabeth Moseng.

Publikumskommentarer