Tilbake
Samlaget

Bo flyttar ut/visuell historiefortelling - H20 og V21

Bildeboka Bo flyttar ut (Samlaget 2016) av Trude Tjensvold er utgangspunktet for denne produksjonen. Katten Bo hadde det som plomma i egget før hunden flytta inn og tok plassen hans i senga til matmora. Då er det berre eitt å gjere, nemleg å sjå om det finst husrom ein annan stad. Denne bildeboka er ei vittig, fargesterk og treffande bok om det å føle seg oversett. Gjennom å møte farane ute i verda blir Bo klar over kor fint han eigentleg har det heime saman med hunden og matmora.

Trude Tjensvold les frå boka og viser bilde på storskjerm. Etterpå samtalar ho med elevane og diskuterer kva bilda tilfører historia og kva dei kan fortelje som ikkje teskten fortel.

Elevane skal så arbeide kvar for seg eller i små grupper og brukar blyant, fargeblyant, fargestifter og teikneark. Dei skal kome med forslag til ulike karakterar, og illustratøren teiknar på tavla. Saman lagar dei eit miljø og ein konflikt som elevane skal løyse på eigne ark.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Trude Tjensvold

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Trude Tjensvold har utdanning frå London og har  arbeidd som illustratør og designar med oppdrag for tidsskrift, reklame og forlag. Frå 1994 har ho vore knytt til arbeidsfellesskapet Illustratørene i Oslo.

Publikumskommentarer