Tilbake

Konflikten

UNGDOMMENS VAL!

Representantane i Vestland Ungdomsutval har fått velje 6 produksjonar til grunnskulen og den vidaregåande skulen for skuleåret 2020/21, og "Konflikten" er ein av desse!

Konflikten er ein monolog om motsetningar og hat – og om forsøk på forståing og forsoning i Israel og Palestina. Framsyninga fortel om konflikten i Midt-Austen, om det historiske bakteppet og situasjonen i dag. Inngrodde oppfatningar om denne uløyselege konflikten kan bli utfordra når vi får høyre historiene til menneske frå både Vestbredda og Israel.

Dette er ei personlig forteljing, som samtidig er full av historiske linjer, fakta, og filosofiske spørsmål rundt eit svært komplisert tema. Det er å håpe at publikum sit att med eit meir nyansert bilde av konflikten – og kanskje med eit nytt håp.

Framsyninga kan vere eit godt utgangspunkt for diskusjonar i klassane i etterkant.

Turnéperiode: ​​​​​​​Medio februar.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Idé/ opplegg: Teksten til Konflikten er skriven av Torstein Bjørklund og Kristine Klubben, og er basert på 37 intervju gjort i samband med to reiser til Palestina og Israel. Dei to er til tider svært ueinige i spørsmåla knytt til denne konflikten, så teksten har fleire innslag av ekstreme motsetningar. Regissør Mads Sjøgård Pettersen har tilpassa teksten og balansert dei to stemmene mot kvarandre.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Artisan Teater

Publikumskommentarer