Tilbake
Jørgen Nordby
Jørgen Nordby
Jørgen Nordby

Marthe Wang trio

Musikken til Marthe Wang har blitt kalla «ei perfekt blanding av popperler med jazzvendingar».  Ho har ei klokkeklar stemme og saman med musikarane sine framfører ho låtane levande og nært. Dei har funne fram til eit stort uttrykk i eit lite format, og kan fylle både store og små scener. 17.april 2020 ga ho ut sitt andre album “Bakkekontakt” - og VG skreiv “Sjelden har noe så alminnelig som å holde beina på jorden vært så ekstraordinært"

Marthe Wang er fødd og oppvaksen i Bergen. I 2017 debuterte ho med albumet "Ut å se noe annet" som fekk strålande kritikkar og som blei nominert til Spellemannsprisen. Året etter vart ho tildelt Tekstforfatterfondets lyspunktpris, TONOs Edvardpris og låten "Til deg" var Kirkens Bymisjons TV-aksjonslåt. I 2019 spelte ho for unge menneske under opphald på rusinstitusjonar i regi av Kulturdråpen. Låten "No sier eg adjø" var på A-lista til NRK P1 i store deler av vårsemesteret 2020.

Gjennom stemme, tekstar og sceneopptreden framstår Marthe Wang som ein sterk formidlar. Tekstane handlar mellom anna om korleis vi menneske ser på kvarandre, korleis vi er overfor kvarandre, og med håp om ei betre verd. Dei er framtidsretta og har engasjement for ungdommens stemme i klima- og miljøsaka. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Publikumskommentarer