Tilbake

Hvordan temme elg?

Hvordan temme elg? er ei faktabok om elg (Cappelen Damm 2020) skriven og illustrert av Line Halsnes. Boka er humoristisk og informativ og er utgangspunkt for Halsnes sitt møte med elevane. Akkompagnert av lydeffektar får elevane innblikk i elgens liv gjennom ulike årstider. Det blir ein slags naturfagtime der skogen kjem heilt inn i klasserommet.

Elevane får innblikk i elgens eigenskapar og kroppsspråk, kva som skjer under elgjakta, ulike historiske forsøk på å temme elg og mykje meir. Halens presenterer boka ved hjelp av store illustrasjonar. Vi er innom kavalleri på 1700-tallet, sovjetiske arbeidsleirar for elg på 1900-tallet og dagens elgfarm i Kostroma, Russland.

Etter innspel frå elevane vil illustratøren teikne elg på flip-over, og elevane får lære kunsten å lokke på elg som skikkelege jegerar.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Line Halsnes

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Line Halsnes (f.1981) er illustratør og forfattar, utdanna ved Norwich School of Art and Design, og er lærar i medium og kommunikasjon. Ho har skrive og illustrert bildebøkene Stakkars lille hjerte (Cappelen Damm 2012) og Godtegrisen (Cappelen Damm 2016).

Publikumskommentarer