Tilbake

SKALLA: Kan ein ha det kjekt sjølv om ein er sjuk?

SKALLA er ei morosam, magisk og litt trist bok om vennskapet mellom to tøffe jenter på ei barnekreftavdeling. I denne produksjonen møter elevane forfattar Randi Fuglehaug, som les historia, viser illustrasjonane frå boka og opnar for samtale: Kva kan ein gjere for vener som har det vanskeleg? Kan ein ha det kjekt sjølv om ein er sjuk?

Det finst svært mange bøker om å gå til legen eller få gips på foten, men det finst lite litteratur om å bu på sjukehus i lengre periodar. Gjennom å lese bildeboka SKALLA (Samlaget, 2018) og stille relevante spørsmål frå teksten, vil forfattaren prate med elevane om alvorlege tema som sjukdom og død, men også om kor viktig leik kan vere og kva det vil seie å vere ein god ven.

I SKALLA møter vi Iben, som skal få cellegiftbehandling for første gong. Ho vil berre bli frisk og kome seg tilbake til det vanlege livet sitt så fort som mogleg, og gruar seg til å miste det lange håret sitt. Då Iben møter Skalla-Malla, ei litt brysk, pågåande og mystisk jente som aldri dekker til hovudet sitt, blir ho først skeptisk. Men Skalla-Malla viser Iben ei hemmeleg verd på sjukehuset: magiske rom der det ikkje spelar noka rolle om ein er frisk eller sjuk.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Randi Fuglehaug

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Randi Fuglehaug kjem frå Voss og har utdanning frå Høgskulen i Volda samt lang erfaring som journalist, redaktør og USA-korrespondent. Ho har skrive sakprosabøker for vaksne og born, og debuterte skjønnlitterært på Samlaget med bildeboka «Papelina» hausten 2017. 

Publikumskommentarer