Tilbake

Sykkelfugl - V21

”Sykkelfugl” er ein film om å balansere mellom to kulturar. Zahra (12) bur på eit asylmottak i Noreg ilag med familien sin. Ho har ein draum ho gjerne vil realisere, det viser seg ikkje å vere så lett. Men Zahra er ein fightar.

Etter filmvisninga vil regissøren ha ein samtale med elevane om det å vere asylsøkjar og leve midt i fleire kulturar. Regissøren vil også ta opp spørsmål knytt til det å vere filmskapar.


Kvart år kjem mange hundre barn og unge til Noreg for å søkje asyl. Fleire opplever å vente i månader og år utan å vite om dei får bu i Noreg. Desse barna lever og veks opp midt mellom ulike kulturelle og religiøse kodar og reglar. Zahra, hovedpersonen i ”Sykkelfugl”, lever midt i dette. Ho er ei aktiv og utforskande jente som kjempar for draumane sine.

Filmen fekk pris på Chicago Intenational Children's Film Festival, og er nominert for Japan Prize (Youth division). Han har vore vist på skuleturnear for fleire tusen elevar i Frankrike, USA og Canada. Her har han vore utgangspunkt for mange reflekterande samtalar omkring det å leve midt i fleire kulturar.

 Regissørar er Kari Klyve-Skaug og Odveig Klyve.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Odveig Klyve er frå Hardanger, bur no i Stavanger.og er filmskapar og forfattar. Ho har hatt manus og regi på ei rekkje kortfilmar som er blitt viste på festivalar i Europa, USA og India. I 2012 debuterte ho på Statens Kunstutstilling (Haustutstillinga), og på Les Rencontres Internationales, Paris med eit videoverk. Ho har skrive ni diktsamlingar og åtte barnebøker. Dikt av Klyve er omsette til mange språk.

Publikumskommentarer